Helsefremjande sorgarbeid i Førde

Fire sjukepleiestudentar var i slutten av november i observasjonspraksis i Førde kyrkjelyd. Problemstillinga deira var «Korleis bidreg kyrkja med å fremje helse hos menneske i sorg?»

I løpet av dei to vekene Ann-Kristin Løkkebø, Vilde Kløvtveit Sæthre, Annika Josefine Thomassen, Benedicte Solhaug Øverland, var i lag med dei tilsette rundt på ulike tiltak og arrangement, gjorde dei intervju og observerte arbeidet. Det vart observasjonar i forhold til sorgarbeid, graferder, men også mykje anna. Spiren, 10 kaffi, Ten Sing, andakt på sjukeheimen, tur med Kronborg ressurshage, gudstenester osb. Dei fekk og med seg foredraget «Gud for dei mange» av Vårt Land redaktør Simones og diakonikonferanse i Askvoll.

- Kyrkja bidreg til helsefremjande arbeid på mange måtar, både for born unge, vaksne og eldre. Mangfaldet i arbeid er stort, seier dei fire studentane. - Det har vore veldig interessant å vere i kyrkja og sjå kor mykje som skjer, er felleserfaringa dei sit igjen med. - Ei utfordring som kyrkja har er at den er blitt for anonym. Trua høyrer liksom ikkje med lenger i samfunnet. Det er dumt for kyrkja sitt tilbod bra, avsluttar dei sin presentasjon for dei andre studentane på avdeling helsefag.

Dei fire studentane leverer i desse dagar prosjektoppgåva si til vurdering. - Vi gler oss til å lese oppgåva. Det er bra å få eit blikk inn på kva vi gjer i møte med sørgande og andre. Studentane har bidrege til refleksjon og gjennomtenkning av mange ting, seier Ingvar Vagstad som er diakoniarbeidar i Førde kyrkjelyd. Dei tilsette håpar at dette samarbeidet med høgskulen i Sogn og Fjordane kan halde fram. - Dette er berre positivt for oss. Kanskje opnar ein slik observasjonspraksis for seinare kontakt i forhold til arbeid og tenester,  seier ungdomsprest Erling Nydal.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30