Sokneråda skal velja medlemer til bispedømerådet

I november har dei nye sokneråda vald tre leke medlemer til Bjørgvin bispedømeråd/Kyrkjemøtet. Resultatet vert venteleg klart om ettermiddagen 7. desember etter at valrådet har vore samla.

Val av dei leke medlemene til bispedømerådet skjer i sokneråda i møte i perioden 1. november – 30. november 2015. Veljarane skal bruka ein røystesetel tilsvarande den som vart brukt ved det direkte valet 14. september, men der det er strek over dei fire kandidatane som alt er valde. Det betyr at det er 15 namn att på lista. 

15 kandidatar

Av kandidatane som står på lista, er 13 nominerte av ein nominasjonskomité. Det er også to supplerte kandidatar som er nominerte ved forslag frå minst 75 underskrivarar etter at nominasjonskomiteen var ferdig med si prioriterte liste. Dei er med på lista som alle andre kandidatar og rekkefølgja er bestemt ved loddtrekking.

Alle dei 15 kandidatane stiller likt, uavhengig av kor mange røyster dei fekk ved det direkte valet. Dei tre kandidatane som får flest røyster, kjem inn i bispedømerådet. Ved likt røystetal, er det rekkefølgja på røystesetelen som bestemmer rekkefølgja. Dersom ein supplert kandidat får like mange røyster som ein annan kandidat, skal rekkefølgja avgjerast ved loddtrekking.

Kvart røysteført lekt medlem av soknerådet fyller ut kvar sin røystesetel, men ein føreset at soknerådet drøftar valet på førehand og set seg inn i kven alle dei ulike kandidatane er, kva erfaring dei har og kva dei står for. Sjølve valet er elles hemmeleg, kvar medlem har si røyst.

Link til presentasjon av kandidatane nedst på sida.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30