Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Biskopen tilbake i teneste

Biskop Halvor Nordhaug er tilbake i teneste etter studiepermisjon og alvorleg sjukdom. No er han klar til å auka ubehaget hos dei som styrer.

– Ein haust i fred og ro med tid til å samla seg om studiar, vart brått riven opp av bodskapen om at du hadde fått kreft. Korleis opplevde du det?

– Ja, dette fekk eg vita den 19. september. Det var sjølvsagt ei tøff melding, den gjorde meg engsteleg, for eg kunne døy.  Men eg opplevde også ei ro midt i det heile. Det hjelpte at helsevesenet var så kompetent. Dei sa frå dag ein at dei hadde tru på at dette ville gå bra. Det medverka til at uroa ikkje fekk overtaket.

Dessutan opplevde eg at uansett kva som skjer, er eg i Guds hender og ingenting kan riva meg ut av dei. Det er kanskje forventa at ein biskop skal seia dette, men det opplevde eg verkeleg. Eg hadde ein større ro enn eg hadde trudd på førehand. Men dagen då eg venta på svar om spreiing,  var ein tøff dag, då var eg engesteleg, seier biskopen og legg til at han er takksam for all støtte han fekk på sms, brev og telefonar som vitna om omtanke og forbøn.  No han frisk, men skal på ny kontroll til sommaren.

I permisjonstida har han særleg sakna visitasane han hadde tenkt å ha og vigslinga av Knarvik kyrkje. – Men der vonar eg å koma sterkt tilbake nå orgelet skal takast i bruk, seier han.

På grunn av sjukdomen, blir studiepermisjonen forlenga inn i det nye året.  – Eg spreiar den litt utover og reknar med å ha visitasar, delta på bispemøta og ein del andre ting.  Eg gler meg særleg til å ha visitasar, det er noko av det kjekkaste me gjer, seier Halvor.

Radikalt skifte med kristendomen

– Trass sjukdom, har du fått gjort ein del i studiepermisjonstida. Kva har du arbeidd med?

– I samanheng med grunnlovsjubiléet har eg sett på kva det betyr at verdigrunnlaget vårt er den kristne og humanistiske arven. Konkret har eg sett på kva kristendomen betydde for utviklinga av det vi i dag ville kalla menneskerettane og for humaniseringa av Europa. 

– Kristendomen førte til eit radikalt skifte i menneskesyn –kvinner, slavar og det ufødde livet fekk oppgradert stilling. Det vart oppretta hospital og grunnlaget vart lagt for skulevesenet. Dette er viktig kunnskap fordi mange no ser ut til å tru at kristendomen har stått for ein bremse av framsteget, seier Halvor Nordhaug som også har arbeidd med forholdet mellom verdi og lov, og i dette tilfellet om det har nokon betyding at dei kristne og humanistiske verdiane står i grunnlova.  Resultatet av dette arbeidet vil kanskje bli til ei debattbok.

Disippelliv i ei uroleg tid

– I ei julehelsing til prestane i Bjørgvin skriv du at du kjenner glede over å bu i ein velferdsstat, men at du samtidig blir uroleg over dei store globale utfordringane knytt til miljø, fattigdom og folk på flukt.  Kva vil det seia å «leva evangeliet» inn i denne tida?

– Det disiplar, dei som følgjer Jesus, alltid har gjort, er å forkynna evangeliet. Det kan virka som om trua ikkje spelar noko stor rolle i kvardagen, sjølv om ein er medlem av kyrkja. Difor må evangeliet forkynnast slik at folk oppdagar den skatten dei har i dåpen og trua, seier biskopen.

Skal auka ubehaget

– Livet som disippel, livet for den som trur, må dessutan levast med omsorg for dei fattige og dei komande generasjonane. Det handlar om korleis vi brukar alle ressursane og pengane våre, men også om korleis vi påverkar opinionen. Kyrkja har som oppgåve å auka ubehaget hos dei som styrer. Vi har opplevd ein klimakonferanse i Lima som var nokså lite vellykka. Her i landet må vi spørja kva vi sjølve skal gjera. Vi kan for eksempel ikkje brenna av all olja vi finn.  Dette bekymrar meg. Eg er skremt over kor lite leiarane i verda ser av alvoret.  Dei klarer i liten grad å heva seg over det lokale og opp til eit globalt nivå der det må gjerast noko.

Dette er frykteleg komplisert og må løftast til internasjonale fora, men det er ikkje god nok grunn til at ikkje meir blir gjort. Industrilanda har er mi meining størst ansvar. Vi kan ikkje forventa at mindre utvikla land ikkje skal få bruka meir energi enn i dag. Då må næringslivet tvingast til å velja haldbare løysingar, seier biskopen som ser håp i den rolla kyrkja kan spela. –  Den kristne kyrkja står i nettverk med kristne kyrkjer over heile verda. Det er trusstyrkande og oppmuntrande å sjå kor einige kyrkjene er over heile verda, vi er verdas største NGO (Non Governmental Organization).

– Korleis fortel vi den glade bodskapen, evangeliet, inn i denne situasjonen?

– Evangeliet er at vi er elska og lever i Guds nåde, særleg når vi ikkje får det til, men det er jo inga kvilepute. Tvert om, når vi trur på Gud, er vi også forplikta på Guds vilje med verda, godane skal fordelast, og dei skal vara. Vi skal ikkje utnytta men resirkulera, seier Halvor.

 Overraskar

– Heldigvis, uansett korleis vi steller oss, er Jesu komen. Han var ikkje venta då han kom, men han kom uansett. Han kjem fordi vi er elska, ikkje fordi vi er verdige. Og det er ein bodskap eg aldri blir trøytt av å forkynna. Vi tenkjer alltid at Han elskar dei som er «verdige», dei som får til livet. Men Guds nåde overraskar oss på nytt og på nytt, seier biskopen som skal forkynna den glade bodskapen i Bergen domkirke 1. juledag kl. 11. – Vær ute i god tid, oppfordrar han!