Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Johan Nordahl Brun-prisen for 2017 til Egon Askvik

Johan Nordahl Brun-prisen for 2017 er tildelt sokneprest i Leikanger, Egon Askvik posthumt. Juryen som består av ordføraren i Bergen, dagleg leiar i Kirkens Bymisjon i Bergen og Bjørgvin biskop, bestemte dette på sitt møte 16. desember.

Denne prisen vert tildelt personar innan Bjørgvin bispedøme som har verka som brubyggjarar mellom kyrkja og resten av samfunnet. Egon Askvik fekk prisen for sitt breie engasjement for samspel mellom kyrkja og kulturen. Han har saman med familien gjeve ut CD’ar og halde fleire konsertar med folketonar og salmar, og han har også gjeve ut boka «Kyrkjefolk» som inneheld intervju med kyrkjefolk frå 0 til 100 år i Leikanger.

Det var meininga at Egon skulle ta imot prisen sjølv, men slik gjekk det ikkje. Han døydde diverre av kreft nyttårsaftan. Prisen vart delt ut posthumt til kona, Hege, ved minnesamværet etter gravferda 6. januar.

I tillegg til diplom inngår det i prisen 20.000 kroner, betalt av Bergen kommune. Prisvinnaren må gje pengane til eit føremål. Prispengane vil denne gongen gå til Kirkens nødhjelp.
- Det berre rett at pengane går til ein organisasjon som arbeider for å hjelpa folk som strevar, og som arbeider mot urettferd sett i system, sa Hege Feet Askvik, då ho takka for prisen, skriv Sogn Avis.

Egon Askvik portrettEgon Askvik (1958-2016) var frå Seim i Nordhordland. Han vart ordinert til prest i 1988 og har gjort presteteneste i Aurland og Austrheim/Fedje - og i Leikanger og Norum i Sogn. Han hari tillegg til «Kyrkjefolk» (2015) gitt ut bøkene We shall never die - kamp- og lovsongar frå Sør-Afrika (1986), Kristuskransen for konfirmantar (2004) og Skatten og perlene (2004). I 2010 produserte han plata Gladværugt - Julesong frå Sogn og i 2016 «Over Stjernebru» med askvik5. I 2011 var han på turné med framsyninga Meir himmel, meir jord. Askvik var òg ivrig fotograf, og han er tildelt Lindås kommune sin kulturpris (1977).

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30