Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Kinnaspelet 2017 står for tur!

Laurdag 17. og 18. juni skal Kinnaspelet "Songen ved det store djup" fremførast for 33. gong på Kinn.

Av ein scenografi beståande av blått hav, høg himmel, Kinnaklova og den gamle steinkyrkja fra 1100-talet vert ein møtt når ein kjem til Kinn. Så langt vest ein kan kome i Noreg, på havstranda, ligg ei av dei eldste kyrkjene i landet - der ingen skulle tru at nokon kunne byggje ei kyrkje. Ingen veit sikkert kven som bygde ho, men dei gamle legendene fortel om heilage menn frå øyrika i Irskesjøen, som busette seg der, truleg på 900-talet ein gong.

Her får ein oppleve Kinnaspelet «Songen ved det store djup», eit drama om kjærleik og svik, tvil og tru, då reformasjonen kom til Noreg i 1537, og kasta vrak på ein 500 år gamal kyrkjeleg tradisjon og levemåte. Dette teateret ved havet, der naturen og kulturlandskapet spelar med, er ei oppleving ein sjeldan finn makan til.

Forestillingane er klokka 13.00 og klokka 16.30.

Om Kinnaspelet
Kinnaspelet handlar om då danskekongen sin fut kom til Kinn og gjorde kjent at pavekyrkja si tid er forbi. Kongen skal no eige alt kyrkjegods, og ein ny, luthersk prest må setjast inn. Bygdefolket slår spontant ring om presten sin og kyrkja. Gjennom bygdefolket sitt «kirkespill», eit spel i spelet, vert vi tenken tilbake til 900-talet og vert vitne til at den kristne prinsessa, Sunniva, på Irland rømer frå vikingkongen ,Ramn, som vil ha henne til dronning. Med følgjet sitt legg ho ut på havet i båtar utan segl, ror og årar, og lar vind og havstraumar råde. Ho driv i land på Selja. Seinare blir ho St. Sunniva, helgen for Vestlandet. Søstera Borni, driv i land på Kinn, og skal etter legenda vere ho som fekk bygd Kinnakyrkja.

Spelet vert meir dramatisk i år enn på fleire år, då motsetninga mellom statsmakta og bøndene kjem tydlegare fram enn tidlegare år. Det høver godt i samband med reformasjonsmarkeringa i år. Biskop Halvor Nordhaug preiker på gudstenesta sundag kor dette er tema. Sjå program her.

Rollene i spelet er besett av både profesjonelle skodespelarar og lokale amatørar.

Songen ved det store djup, er skrive av Rolf Losnegård.
Per Janke Jørgensen har sett musikk til.
Regissør er Jeff Pedersen (2016, 2017)

Billettar og tilkomst
Billettar til Kinnaspelet kan kjøpast her.

Deter mogleg å kjøpe "familiepakke". Det vi sei at borna går gratis med foreldre/foresatte når dei reiser ut til Kinn etter klokka 13.00. Laurdag vert det tur med Barnas Turlag. Sundag vert det vikingeaktivitetar i forkant av spelet. 

Det er sett opp båtskyss frå Bergen, Florø og Kalvåg som tek deg til Kinn. Billett til båt kan ein kjøpa i saman med billett til spelet.

Det er enno nokre plassar att på Bergensbåten laurdag 17. juni.
Avreise frå Strandkaiterminalen klokka 08.00

Båt frå Kalvåg har avgang laurdag 17. juni klokka 14.00.

Båtane frå Florø startar å gå klokka 09.00 kvar dag. I år er det leigd inn ein større båt frå Norled.

Publikum er oppmoda til å komme 2 timar før framsyninga til kaia på Kinn.

Sommaren har ikkje heilt tatt tak i Kinn endå så det er viktig å kle seg godt for ein dag utandørs ved havgapet.

For meir informasjon og billettar sjå heimesida til Kinnaspelet.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30