Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Knarvik har fått si eiga kyrkje

Knarvik kyrkje var meir enn fullsett då fungerande biskop Jan Otto Myrseth vigsla den 1. søndag i advent, 30. november.  

– Vi vigslar ei kyrkje som har innteke ein sentral plass i eit lokalsamfunn og allereie blitt eit landemerke. Ei kyrkje som er oppfyllinga av mange dristige draumar og visjonar. Krona er sett på verket etter tusenvis av arbeidstimar, lønna og ulønna, sa biskopen i starten av preika si og gratulerte med dagen.

– Her skal noverande og komande generasjonar av barn og unge, familiar og enkeltmenneske i alle aldrar finne ein heim, ikkje berre i eit lokalsamfunn, men i det fellesskapet som sprengjer alle grenser og som i dette flotte kyrkjebygget får eit synleg uttrykk midt i vår verd, som eit teikn på trua vår og som ein rasteplass for menneske på vandring gjennom livet, sa Myrseth vidare.

Du kan høyra preika eller lesa den, sjå lenkjer nedst på sida.