Debatt - kyrkja sin plass i det offentlege rommet

Korleis kan og bør kyrkja stå fram i det offentlege rommet? Det er spørsmålet når Reformasjonsbyen Bergen og biskop Halvor Nordhaug inviterer til debatt 13. september kl. 19 på Litteraturhuset i Bergen. Møtet er ein del av serien Luther øre.

Debatten vil ta utgangspunkt i to aktuelle hendingar:

Som ein del av Reformasjonsbyen Bergen og inspirert av Martin Luther, kan ein for tida lese ein ny tese kvar veke på tårnet til Johanneskirken og veggen på Nykirken, presentert av enkeltpersonar eller organisasjoner. Er det forsvarleg å bruke byens kyrkjer som lerret for påstandar frå folk flest?  Bidrar dette prosjektet, «Teser i tida» til eit «løft» for bevisstgjering av sentrale verdispørsmål i samfunnet vårt, eller er det mest forstyrrande og forvirrande?

Bergens bykjerne frå mellomalderen – Vågsbunnen og området rundt Korskirken, den norske reformasjonen si vogge, er under opprustning. Korleis blir kyrkja sin sentrale plass reflektert i byfornyingsarbeidet?

Biskop Halvor Nordhaug inviterer gjester med innsikt og klarsyn på teologi, kommunikasjon og det offentlege: Anna Elisa Tryti, byråd for byutvikling i Bergen kommune, Frøy Gudbrandsen, politisk redaktør i BT og Knut Dørum, professor ved Universitetet i Agder.

Knut Dørum har arbeidd med mange felt innan historiefaget, i dei siste åra i emne som demokratisering, politisk kultur, likestillingskamp, kristendomshistorie og folkelege trusførestillingar på 1800- og 1900-talet. Han har teke til orde for at kyrkja bør kunne tillate seg å ha ei klar røyst og ytre meiningar om viktige verdispørsmål i det offentlege rommet. Ei kyrkje utan tydelege meiningar er inga levande og dynamisk kyrkje, hevdar han.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30