Effektiv kyrkjekonferanse

I Etne vart landets kanskje mest effektiv kyrkjebyggkonferanse arrangert 8. november. Konferansen vart halden som ein del av biskopens visitas og den inneheldt eit hovudføredrag ved direktør i KA, Oddbjørn Sørmoen, rundtur til fire kyrkjer og ulike innlegg frå kyrkjeverjer, fylkesdirektør, rådmann, prestar og biskop.

Ordførar i Etne, Siri Klokkerstuen, opna konferansen med å slå fast at folket i Etne er kjempeheldige som har ansvar for ein stor nasjonal kulturarv. Dei fleste stader har ei kyrkje, i Etnebygda har dei fire, i tillegg til at det er to kyrkjer til andre stader i kommunen. Den eldste kyrkja er Stødle. Den er frå 1160 og ligg på historisk grunn der Erling Skakke, far til kong Magnus, heldt hus. Den yngste kyrkja, Etne kyrkje, er ei moderne kyrkje, bygd som eit sambruk med Enge bedehus i 2013.
Kva gjer ein så i Etne, og andre stader der det er fleire kyrkjer enn kyrkjelyden eigentleg har bruk for? Kyrkjeverja i Kvinnherad, Erlingur NIlsson, som har ansvar for 12 kyrkjer i ein kommune med vel 13000 innbyggjarar, sa det slik: – Kyrkjene er som smykke som er med på å løfta bygdene, men dei krev mykje å halda vedlike. Å arva ei slik kyrkje, er som å arva huset etter bestemor. Det har mange verdiar, men kan ikkje brukast så lett no til dags.

Kyrkjebygget som identitetsmarkør
Verdiane til kyrkja var tema for hovudføredraget på konferansen. Fagdirektør i KA og ekspert på kyrkjebygg, Oddbjørn Sørmoen la stor vekt på kyrkjebygget si rolle som det som er viktig for skapa ein stad, identiteten til staden. – I Noreg har vi ikkje mellomalderbyar med tronge gater, men vi har opne rom i landskapet der det ofte er langt mellom gardane. Og så er det kyrkjene, dei viser at no er du i den og den bygda, sa Sørmoen som viste til den kjende arkitekturprofessor Christian Norberg-Schulz som var oppteken av kva som gjer ein stad til ein stad med ein eigen "ande". Det er staden sine forteljingar, arkitekturen, bygga og vegane som gjer ein stad til ein stad.
Oddbjørn Sørmoen minna om at kyrkjene har ulike roller, som seremonibygg, bruksbygg, kulturminne og identitetsmarkør. Han var innom den aktuelle høyringa om ny lov om trus- og livssynssamfunn der finansiering av kyrkjebygga er eit av mange tema og meinte at nokre av desse rollene er viktige for alle, uansett tru og medlemsskap i kyrkja. – Kyrkjebygga er vårt felles ansvar, dei står for verdiar som vi som samfunn saman må ta ansvar for.
Etter ei rask synfaring som ikkje tillet meir enn lite inntrykk av dei tre verneverdige kyrkjene Gjerde, Grindheim og Stødle, understreka også fungerande fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland, Per Morten Ekerhovd kor utruleg rik Etne kommune er som har desse kyrkjene. Han minna om eit lite, men sterkt element av kva ein då kan oppleva: – Dei som går til gudsteneste i Stødle høyrer den same lyden av kyrkjeklokkene som folket her gjorde for 500 år sidan.

Planlegging
Uansett korleis regelverk og tilskotsordningar til vedlikehald av kyrkjene som kulturminne blir i framtida, har kyrkjelege fellesråd og kommunane store utfordringar med vedlikehald og finansiering av dette. Rådmann i Kvinnherad, Odd Ivar Øvregård, gav råd om korleis ein kan skaffa midlar.
– Kommunen forventar at kyrkjeleg fellesråd opptrer profesjonelt. Det betyr at ein legg planar for til dømes vedlikehald for fleire år framover. Desse planane må vera til å lita på, slik at eit sokneråd som brått får ein god idé ikkje trumfar denne planen, sa rådmannen. Han minna om kor viktig det er at leiinga i kyrkja og kommunen møtest jamleg, helst årleg, og han fortalde at i Kvinnherad ligg det inne ein grunnsum til kyrkjene for kvart år i ein fireårsperiode.

Også sokneprest i Arild Steinsland i Sveio snakka om økonomi. Han kunne fortelja om fleire ulike tiltak som har gjeve pengar til å vedlikehalda og byggja på kyrkjene:
• Maling på dugnad der dei innsparte pengane gjekk til soknet
• Bruk av løyvingar til jubileum
• Brukt av soknerådsmidlar
• Dugnad der både amatørar og profesjonelle var med
• Rentekompensasjonsordninga til kyrkjebygg
• Giro til alle husstandar, dette gav 70 000 kroner i inntekt kvar stad dette vart gjort
• Eksterne bidragsytarar
• 1 million i året frå Gjenbruksløa, ein bruktbutikk etter idé frå Etne

Differensiert bruk
Fleire innlegg handla om korleis kyrkjene kan brukast. Oddbjørn Sørmoen oppmoda til ny og utvida bruk av bygga. – Dei bygga som ikkje blir brukt til gudsteneste kvar sundag, er framleis Gudshus. Dei kan brukast til dømes brukast som kulturkyrkjer, stad for kunstutstillingar, stader for å minnast døde og dei er turistattraksjonar (både bygget og liturgien er av interesse for turistane).
Tidlegare kyrkjeverje i Sveio, Eva Birkeland, presenterte Valestrand kulturkyrkje som i samarbeid med Fartein Valen – arbeidet har skapt ei kulturkyrkje i eit nokså lite bygdesamfunn. Sokneprest Marit Isaksen Espedalen frå Tysnes følgde opp med å fortelja om korleis ein brukar dei fire kyrkjene på øya på ulike vis. Blant anna har Tysnes kyrkje har blitt hovudkyrkje med mykje av trusopplæringa, Onarheim kulturkyrkje og den minste kyrkja på Rekstern blir brukt til Lys vaken-arrangement fordi den er ei ukjent perle som mange Tysnesingar ikkje har besøkt før, der den ligg ute i ein skog.

Biskopen avslutta den korte konferansen med å tydeleggjera si rolle i forvaltninga av kyrkjebygga. – Mi oppgåve er først og fremst å spørja: Korleis byggjer vi kyrkjelyd? Korleis kan vi bruka kyrkjene slik at det fremjar gudstenestebesøket og trusopplæringa? Eg kan vera noko hardare på labben enn de kan vera lokalt. Lokalt vegrar ein seg for å seia at her kan me ikkje lenger halda gudsteneste. Det er lettare for meg å gjera slike vedtak, sa biskopen som elles heia på all god bruk av alle kyrkjebygga.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30