Det kan bli fleire lister ved bispedømerådsvalet

Det skal i september 2015 veljast nytt bispedømeråd og med det også nye representantar til Kyrkjemøtet, Den norske kyrkja sitt «storting». Nye valreglar skal gje veljarane meir makt, mellom anna kan ein no fremja alternative lister til bispedømerådsvalet. Det er ikkje sikkert det blir meir enn ei liste, nominasjonskomiteen si liste. Sokneråda har frist til 15. januar med å foreslå kandidatar til denne.

Den norske kyrkja er til stades i alle lokalsamfunn med kyrkjebygg, gudstenester, barne- og ungdomsarbeid, eit rikt kulturengasjement og diakonalt arbeid/omsorgsarbeid. Kyrkja forkynner ein glad bodskap og står for verdiar som er byggjande for både folk og samfunn. I mange lokalsamfunn er kyrkja ein viktig møtestad for alle generasjonar.

I Bjørgvin høyrer pr. 22. desember 2014  494 919 personar til Den norske kyrkja. Om lag 80 prosent av innbyggjarane i bispedømet som dekkjer Hordaland og Sogn og Fjordane er medlemmer av Den norske kyrkja.

15-åringar har røysterett

Kyrkjevalet finn stad på same tid som kommune- og fylkestingsvalet. Sidan 2009 har alle kyrkjemedlemmar blitt oppmoda aktivt til å delta i kyrkjeval. I kyrkja har ein røysterett frå ein er religiøst myndig. Det vil seia at dei som fyller 15 år i løpet av 2015 har røysterett. Alle får desse tilsendt valkort før valet og dei kan røysta på kven som skal styra kyrkja lokalt (sokneråd/menighetsråd) og regionalt/nasjonalt (bispedømerådet).

Bispedømerådet leier prestetenesta og har viktige faglege og forvaltningsmessige oppgåver for kyrkjelydane i Bjørgvin. Dei som blir valde blir også medlemmar av Kyrkjemøtet, som er det øvste styrande organet i Den norske kyrkja, parallelt med Stortinget i politikken. Dei valde vil få ei viktig rolle i styringa av Den norske kyrkja i ei tid med mykje omstilling.

Det skal veljast sju vanlege kyrkjemedlemmar til å sitja i bispedømerådet. Fire av desse blir valde direkte av medlemene, medan tre blir valde av dei nye sokneråda.

Ved sist val var det i Bjørgvin 13,9 % av medlemmane som brukte røysteretten sin ved soknerådsvalet medan 11,1 prosent røysta ved bispedømerådsvalet.

Nye reglar

Nytt ved bispedømerådsvalet 2015 er blant anna at vallistene er prioriterte. Dersom ein veljar leverer inn ein røystesetel utan rettingar, får alle kandidatane på lista ei røyst kvar. Veljaren kan gje inntil tre av kandidatane ei tilleggsrøyst. Nominasjonskomitéen si rekkefølgje blir berre avgjerande når fleire kandidatar får same røystetal. For første gong vil det også vera høve til å fremja lister som alternativ til nominasjonskomitéen si liste (sjå nedanfor). Dersom ingen kjem med framlegg til alternative lister, vil det bli høve til å foreslå supplerande enkeltkandidatar til nominasjonskomitéen si liste.

Tid for å fremja kandidatar

Sokneråda i Bjørgvin har valt ein nominasjonskomité som skal velja ut kandidatar til vallistene, blant forslag frå sokneråd. Viss ein vil stilla, kan ein til dømes melda interessa til sitt sokneråd, via kyrkjekontoret lokalt. Sokneråda sin frist for å foreslå kandidatar er 15. januar. I tillegg blir det mogleg for kven som vil å stilla lister. Det skjer for at valet skal vera ope. Kyrkjemøtet ønskjer eit reelt og aktivt demokrati i kyrkja.

Alternative lister

Nominasjonskomitéen har plikt til å setja opp ei liste med kandidatar med ulike syn på aktuelle kyrkjelege spørsmål, godt fordelt på alder, kjønn og distrikt. Dersom nokon ønskjer ei liste med ein annan profil, ønskjer å fremja spesielle saker eller av andre grunnar vil oppretta ei eiga liste, skjer det ved å:

  • samla underskrifter frå minst 150 personar
  • følgja dei formelle krava til listeforslag (sjå under)
  • levera lista inn til valrådet slik at ho er komen fram seinast 1. mai 2015.

Dei formelle krava til lista er at:

  • ho skal vera eigenhendig underskriven av minst 150 personar
  • dei 150 må komma frå minst tre sokn i bispedømet, og maksimalt halvparten kan vera frå eitt av dei. Lista må derfor opplysa om kva sokn alle underskrivarane kjem frå.
  • det skal veljast ein tillitsvald for lista som valrådet kan kontakta ved spørsmål.
  • skal seia kva val og kva bispedømme det gjeld (Val av leke medlemmar til Bjørgvin bispedømeråd og Kyrkjemøtet), og kva dato valet skal haldast (13. og 14. september 2015)
  • ho kan oppgjeve eit namn på gruppa
  • skal innehalda mellom sju og atten kandidatar, i tydeleg prioritert rekkefølgje.
  • kvart kjønn må vera representert med minst 40 prosent
  • minst 20 prosent av kandidatane må vera under 30 år
  • kandidatane skal komma frå ulike distrikt
  • kandidatane skal nemnast med fullt namn, alder og - for å unngå forveksling - adresse og yrke/stilling
  • det skal følgja med stadfesting av at kandidatane har sagt ja til å stilla.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30