Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Valomat for bispdømerådsvalet i Bjørgvin

Velkomen til kyrkjevalomat for bispedømerådsvalet i Bjørgvin. Her kan du bli betre kjent med dei leke kandidatane som du kan røysta på 14. september.

I valomaten finn du alle kandidatane frå Bjørgvin til bispedømeråd/Kyrkjemøtet. Svar på 20 spørsmål, så ser du kva for nokre kandidatar som har synspunkt som liknar på dine. Etterpå kan du sjekka kva kandidatane  har svart på kvart enkelt spørsmål. Det er valrådet i Bjørgvin som står bak valomaten. Spørsmåla kjem i tillegg til dei fem offisielle spørsmåla som alle kandidatane har svart grundig på, og som du kan lesa i kandidatpresentasjonen. Før du bestemer deg for kva kandidatar du vil gje ekstra røyst, bør du lesa presentasjonen.

NB! Spørsmåla her er ikkje nødvendigvis noko kandidatane må ta direkte stilling til i bispedømeråd eller Kyrkjemøte, men du får kanskje ein idé om kva kandidatar du kan lesa meir om på kyrkjevalet.no. Der står det også meir om bakgrunn, erfaringar og liknande. Sjå link til fyldige kandidatpresentasjonar nedst på sida.

Kandidatane har hatt høve til å kommentera svara sine, det er nokon av dei som har gjort det.

I menyen for valomaten kan du velja nynorsk eller bokmål.