Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Kyrkja si teneste for pilegrimar langs kysten

Denne sommaren vart Kystpilegrimsleia langs kysten frå Stavanger til Nidaros opna. Lanseringa var ei markering av både kultur, reiseliv og religion. Kva skal kyrkja si rolle vera?

Opninga av Kystpilegrimsleia vart markert med ein tur med det gamle hurtigruteskipet Nordstjernen. Både riksantikvar, fem fylke og fire bispedøme var med på å få det til og det vart mange møte med både ordførar og lokale kyrkjer undervegs. Riksantikvaren, fylka og kommunane hadde tenkt mykje på kultur, pilegrimsturisme og verdiskaping.

Kva skal så kyrkja tenkja om dette? Eg trur me skal tenkja på kystpilegrimsleia som møte mellom menneske og stadar på veg mot eit mål. For nokon er det eit kristent mål, for andre eit religiøst eller eksistensielt mål kanskje utan at det vert uttalt. For kyrkja vert kyrkjebygga langs leia stadane der møtet skjer, og det ligg til rette for pilegrimssamlingar, gjerne ei gudsteneste og ei samling med samtale. Det er ikkje sikkert at tidebøner og vanlege gudstenester er det me skal tilby, men heller ei rettleiing inn i eit åndeleg landskap der både bibeltekstar, pilegrimssoger og helgenforteljingar får klinga med. Kanskje den moderne pilegrimen helst ønskjer eit møte med menneske og stader som kan gje impulsar til vandringa og eiga søking? Då må dei få oppleva ei kyrkje som lyttar og deler av ein åndeleg rikdom og der Jesus Kristus er nær. Så ta godt imot dei som fér forbi, i Jesu namn.

Tore Skjæveland
kyrkjefagsjef ved Bjørgvin bispedømekontor