Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ledig stilling som avdelingsleiar/personalsjef

Stillinga som avdelingsleiar for administrasjonsavdelinga ved Bjørgvin bispedømekontor og personalsjef i Bjørgvin bispedøme er ledig. Søknadsfrist 15. februar 2015.

Vi søkjer ein dyktig avdelingsleiar med god kompetanse innan HR/personalfeltet.

Avdelingsleiar er biskopen og bispedømerådet sin rådgjevar i spørsmål knytt til arbeidsgjevaransvar og personalforvaltning. Bjørgvin bispedømeråd er arbeidsgjevar for bispedømet sine 170 prestar og stillinga sine ansvarsområde og oppgåver rettar seg mot forvalting av dette ansvaret. Stiftsdirektøren er næraste overordna, og avdelingsleiaren er del av leiargruppa saman med biskop, stiftsdirektør og avdelingsleiar for kyrkjefag.


Administrasjonsavdelinga har ansvar for tilsettingar og ordningar for presteskapet. Forvaltninga skjer i samspel med prostane. Kompetanseheving, helse, miljø og tryggleik, samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane og utviklingsoppgåver innan personalområdet ligg til stillinga. Avdelinga har medarbeidarar med ansvar innan løn, rekneskap, arkiv og kontordrifta. Administrasjonsavdelinga har for tida sju medarbeidarar i tillegg til leiar. Kontoret har ei kyrkjefagavdeling med sju medarbeidarar inkludert leiar. 

Den norske kyrkja går inn i ei tid med store endringar. Søkar må ha motivasjon for å arbeide med endringar. Bispedømerådet si rolle og innhaldet i stillinga kan bli endra av dette.

Vi søkjer etter ein person med høgare utdanning, leiarerfaring, relevant kompetanse innan personalområdet og gode samarbeidsevner. Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt.

Tilsettinga skjer på dei vilkår som til ei kvar tid gjeld og den som blir tilsett må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, reglement, samt avgjersler som kan influera på tenesta sine ansvarsområde.

Målforma er nynorsk. Søkjar må opplysa om ein nyttar begge målformer. Vi gjer merksam på at søkjarane sine namn kan verta offentleggjorde sjølv om dei ber om å bli unntatt offentleg søkjarliste. Samlivsform kan bli vektlagd ved tilsetting. Kvinner vert oppmoda om å søkja.

Søknad skjer elektronisk med CV og vitnemål levert via vårt elektroniske søkjarsystem.


Arbeidsoppgåver:

Leiing av avdelinga
sakshandsaming og utgreiingsarbeid innan personalfeltet
Kontakt med tenestemannsorganisasjonane
Ansvar for stabsutvikling og konflikthandtering i sokna i samarbeid med prostar og fellesråd
Oppfølging av satsingsområde og prosjekt i bispedømet
Plan- og budsjettarbeid

Kvalifikasjonar:

Brei og relevant kompetanse og erfaring frå stillinga sine ansvarsområde
Leiarerfaring
Kompetanse i endringsleiing
God kjennskap til prestetenesta og Den norske kyrkja
Evne til å leia og motivera andre
God til å kommunisera
God skriftleg framstillingsevne
Det er ønskeleg med erfaring frå offentleg og kyrkjeleg forvalting
Gode samarbeidsevne
Fleksibel, initiativrik og sjølvstendig
Evne til å handtera varierte arbeidsoppgåver
Medlemskap i Den norske kyrkja

Utdanningsnivå:

Høgskule / Universitet

Personlege eigenskapar:

Lyst til å bidra i ei tid der Den norske kyrkja er i endring
Godt arbeidsmiljø i ein kvalifisert stab
Trivelege kontor sentralt i Bergen
Stillinga vert løna etter Statens regulativ stillingskode 1407 avdelingsleiar (ltr 60 - 78) etter kompetanse og ansiennitet
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Godtgjersler etter statens regulativ