Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Luther øre: Kva ville Luther? Fekk han det til?

Luther Øre er ein ny serie i samarbeidet mellom Bjørgvin bispedøme og Litteraturhuset. Biskop Halvor Nordhaug inviterer gjester med innsikt i reformasjonen. Professor i kyrkje- og teologihistorie ved NLA Høgskolen i Bergen, Oddvar Johan Jensen, er førstemann ut.

Jensen har hatt Martin Luther og reformasjonen som hovudinteresse sidan studietida på 1970-talet. I 1988 disputerte han ved Universitetet i Oslo med ei avhandling om Luthers lære om Kristi person. Sidan har han arbeidd med ei rekkje spørsmål knytt til den lutherske reformasjonen og det den har hatt å seie i ettertida.

I 2017 skal Luther og reformasjonen markerast over heile verda. Bergen er Norges reformasjonsby og inviterer til Lutherfestdagar 3.–5. mars.

Møtet finn stad 21. september kl. 19.00 - 20.30

Billettsal via Litteraturhuset sine nettsider (sjå link nede på sida).

Inngang: 85/55,– (stud.)