Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Mangfaldsbyen Bergen 22. - 29. september

Mangfaldsbyen 2018 består av 16 arrangement, blant anna dialogmiddag og ein debatt om berøringsangst for religion.

Mangfaldsbyen blir arrangert av Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn Bergen (STL Bergen),
ei samanslutning av 18 trus- og livssynssamfunn i Bergen. STL Bergen arbeider for
likebehandling av trus- og livssynssamfunn, og for å fremje gjensidig respekt og
forståing mellom desse. Blant arrangørane er Kyrkjeleg dialogsenter i Bergen og Bergen kirkelige fellesråd.

Frå programmet:

Debatt om berøringsangst for religion

Litteraturhuset 24. september kl. 19:00 – 21:00. Tema: «Panelsamtale: berøringsangst for religion? Dilemma eller dialog?»

Bergens første dialogmiddag

  • Eit høve til å bli kjent med menneske med ulik tru og livssyn
  • Ei spennande oppleving med god mat, variert underhaldning og dialog
  • Ein kveld som byggjer bruer

27. september kl. 17:30 – 20:30. Pris: 70,- Her er det påmelding innan 13. september. Begrensa plass.