Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Kvar finn vi Bergens sjel?

Har Bergen sjel? Slik starta biskop Halvor Nordhaug si preike under gudstenesta som markerte at Mariakirken er opna att etter over fem år med grundig restaurering.

Det var ei fullsett kyrkje som fekk vera med på opninga av den vakre kyrkja og innviinga av eit nytt orgel frå Weimbs Orgelbau i Tyskland.

Med bakgrunn i dagens tekst der Jesus spør:Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel, stilte biskopen spørsmålet om kvar ein finn Bergen si sjel. Han var ikkje i tvil om at byen har sjel, men kvar finn vi den? På Brann stadion?  Eller på Bryggen, symbolet for byens handel og kommers? Eller kanskje heller i Mariakirken?

Les preika - lenke nedst på sida, eller sjå video (litt dårleg lyd):

I samband med gudstenesta planta også biskopen eit "Luthertre" på kyrkjegarden i samband med det komande reformasjonsjubileet i 2017. Sjå lenke til eigen artikkel nedst på sida.

Vil du oppleva Mariakirken og det nye orgelet, er det fleire konsertar no i opningsveka. Sjå lenke nede på sida.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30