Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ungdomstinget 2015, Meir himmel på jorda

Det er tid på nytt for å samla ungdommen i Bjørgvin bispedøme. Vi oppmodar alle kyrkjelydane til å velje ut 2 personar mellom 15-30 år til å koma ei helg til Bergen, 17. - 19. april.

Ungdomstinget går føre seg i St. Jakob kirke i Bergen. Det er vår eigen Ungdomskatedral og det er ein fin stad å vera ei hel helg. Viss du tek med sovepose og liggjeunderlag så kan du til og med sova i kyrkja . Alt for ein pris på 450 kr pr person, eller 400 person hvis de er to eller fleire.

Ungdomstinget sitt føremål er å samle unge til inspirasjon, læring og utveksling av erfaringar. Det vert teke opp relevante saker. Tema i år : «Det de gjer mot ein av mine minste, gjer de og mot meg» eit anna tema er : «Kvardag og fest, når er du eigentlig kristen» ? «Tru og vitenskap» og «Kven kan misjonera?»

På laurdag kjem biskop Halvor Nordhaug og har sitt hovudføredrag der temaet er «Meir himmel på jord»

Det startar på fredag kl 1600 med innsjekk og er ferdig etter gudstenesta på søndag ca kl 1300.

For meir informasjon, send e-post til Anne Line Kroken

Påmelding her i god tid før 13. april 2015.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30