Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Teser i tida må skapa dialog

"Teser i tida" går mot avslutning. Prosjektleiar for Reformasjonsbyen Bergen, Ragna Sofie Grung Moe har eit inderleg ønske om at effekten av prosjektet må vera at fleire får mot til å snakka om det som er vesentleg.

Sidan starten i januar, er det slått opp 22 teser på tårnet til Johanneskirken og veggen til Nykirken i Bergen.  Denne veka er det tid for nest siste tese. Bak den står to studentar  ved Institutt for design ved fakultetet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen, Synne Arnesen Jenseg og Nikolai Riis-Johannessen. Dei kjenner prosjektet godt fordi dei har utforma animasjonsfilmen som blir vist før kvar det blir kunngjort ein ny tese kvar fredag kl. 16.00. Tesen deira er slik: Skal du rope, gjør det utenfor ekkokammeret.  

- Tesen denne veka uttrykker kjernen i prosjektet Teser i tida: - Snakk ut! Vi har i dette prosjektet gitt ein arena til eit mangfald av viktige stemmer i samfunnet. Den påfølgjande dialogen har vore vel så viktig som sjølve tesen. Vi håpar at tesene er ein spore til at mange kan snakka om det som er vesentleg - kva som er viktig for oss, kva er vi er opptatt av, seier Ragna Sofie Grung Moe.

Tesen denne veka kan du få presentert og drøfta på frukostmøte onsdag 25. oktober kl. 08.00 i Cafe a capella som har inngang på baksida av Johanneskirken.

Den siste tesen blir offentleg 27. november kl. 16.00. Forfattaren bak den er professor i jus, Jørn Øyrehagen Sunde og presentasjonen hans blir på det siste frukostmøtet i denne serien. Det vil finna stad på "Christie" i Universitetsaulaen i Bergen. 

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30