Noas ark i Bergen

Ein kopi av Noas ark har kome til Bergen for å presentera historiar frå Bibelen. Tilsette i kyrkjelydane som har sett utstillinga, er begeistra.

Noas ark som ligg ved Festningskaien i Bergen er 70 meter lang og inneheld ikkje berre dyr, men først og fremst historiar frå Bibelen, godt fortalt gjennom treskulpturar og interessante detaljar. Forteljingane har fleire lag, og høver godt for både vaksne og born. Det er ein eigen atmosfære ombord som ein kjenner og vil hugsa, uansett alder.

Den første veka har blant anna tilsette frå kyrkjer og organisasjonar vitja museumsskipet saman med rådgjevarane  for trusopplæring ved Bjørgvin bispedømekontor. - Dette skipet gir eit gyldent høve til å oppdaga ein del samanhengar i Bibelen. Eg synest besøket er ei gåve til Bergen og folket her, seier rådgjevar Sverre Johan Nærheim.

Skipet og innhaldet er eit kunstprosjekt av den nederlandske kunstnaren Aad Peters. Han har fått hjelp av fleire gode treskjærarar til å framstillla delar av Bibelsoga, særleg frå Det gamle testamentet. Eit stort livets tre på 12 meter er også ein sentral del av skipet.

Noas ark ligg ikkje i Bergen frå november til februar for å redda folk frå all nedbøren, men fordi ein reknar dette som ei trygg og isfri hamn for vinteren. Sjølv om båten ikkje frys fast, betyr vinteren at det kan vera noko kaldt ombord, så ein bør kle seg godt. Ein kan vitja skipet mellom kl 10 og 20 kvar dag. For billettprisar og kontatktinformasjon, sjå nettsida til Noas ark (lenke nedst på sida). Skipet har også lokale som kan lånast til gudstenester, konsertar, møte og liknande. 

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30