Kirkens Nødhjelp takkar for rask respons!

For ein månad sidan samla norske kyrkjelydar inn 36 millionar kroner til Kirkens Nødhjelp. Laurdag 25. april var jordskjelvet i Nepal et tragisk faktum. Takk for at de gjer rask respons til Nepal mogleg!

Kirkens Nødhjelp kjenner på ei stor sorg over Syriakrisa og dei som blir ramma av den. Kirkens Nødhjelp brukar deler av pengane fra Fasteaksjonen til naudhjelp i Nepal og også Syriakrisa.  

–  Takk for at de gjer oss i stand til å handle i kriser slik at reint vatn kan redde liv og avgrense utbrot av epidemiar og sjukdom, seier generalsekretær Anne-Marie Helland.

–  Vi håpar de nyttar høvet til å fortelje konfirmantene og resten av kyrkjelyden kor takksame vi er for denne drahjelpa. Dette synleggjer kor viktig kyrkjelyden si tradisjonsrike fasteinnsamling til Kirkens Nødhjelp er.

På Kirkens Nødhjelp si heimeside finn de bøner for Nepal og Syria, som kan brukast i gudstenesta og i andre samlinger - sjå lenkjer.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30