Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Nominasjonskomitéane i arbeid

Nominasjonskomiteane sine lister over kandidatar til bispedømerådsvalet skal vera klare 1. mars. Den 19. januar møttest komitéane for å starta arbeidet sitt.

Det er tre nominasjonskomitéar ved valet på nytt bispedømeråd/Bjørgvin sine medlemer i Kyrkjemøtet. Nominasjonskomitéen for leke skal arbeida fram ei prioritert liste på 18 kandidatar.  Komitéen for nominasjon av prestane sin kandidat skal leggja fram ei alfabetisk ordna liste på fem kandidatar. Det same skal nominasjonskomitéen for lek kyrkjeleg tilsette. 

Bispedømerådet har sju leke medlemer, ein prest og ein lek tilsett. I tillegg er biskopen fast medlem. 

Etter at listene er lagt fram, kan ein på visse vilkår fremja alternative lister til lek liste, og seinare supplerte kandidatar, om det ikkje vert meir enn nominasjonskomiteen si liste. Les meir: Det kan bli fleire lister ved bispedømerådsvalet

For prest og lek tilsett, gjeld regelen om at ein kan fremja forslag om supplert kandidat etter at lista er prestentert i starten av mars. Innan to månader må i tilfelle ti personar med røysterett i den aktuelle gruppa, frå minst to prosti, fremja ein kandidat dei vil ha på lista.