Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ny kristeleg bokhandel i Bergen

Bergen kristne bokhandel opna torsdag 8. oktober.

Det var artisten Rune Larsen som stod for den offisielle opninga av butikken som ligg i Øvre Korskirkeallmenningen 6.. Dagleg leiar i bokhandelen er Britt Helen Nerheim Opstad, og det er mange ulønna medarbeidarar.

Bokhandelen har blitt til på delvis privat initiativ, og dei kristne forlaga Lunde, Hermon, Proklamedia og Verbum, er med som eigarar på linje med andre eigarar. Butikkjeda Vivo (tidl. Bok og Media) er blant desse. Indremisjonsforbundet er også ein av dei største eigarane. Johannes Kleppa og Tarald Ueland har stått i spissen for arbeidet med å starta bokhandelen. 

- Vi stiller oss bak dette initiativet om ein ny kristen bokhandel i Bergen. Etter at dei kristelege bokhandlane i Bergen vart lagt ned, har det vore eit sakn for kyrkjelydar og enkeltpersonar å kunne bla i bøker, bestille, ha ein stad å vise til. Det blir ikkje det same å berre bestilla på nett, seier Torfinn Wang som er rådgjevar for trusopplæring ved Bjørgvin bispedømekontor.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30