Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Nye medarbeidarar på bispedømekontoret

Bispedømekontoret har den siste tida fått fleire nye medarbeidarar.

Cathrine Waaler Halstensen er ny avdelingsleiar og personalsjef frå 1. september. Ho kjem frå stilling som avdelingsleiar i Kirkens Bymisjon i Bergen. Cathrine har mellom anna erfaring frå Bergen kyrkjelege fellesråd som prostileder i Bergen Domprosti.  Ho har vore medlem i Bjørgvin bispedømeråd dei siste seks åra.

Gunvor Taule Mjanger har gått over frå stilling som avdelingsleiar til stilling som seniorrådgjevar i 60 % frå 1. september. Ho inngår i stab for stiftsdirektør i året som kjem. Ho har vore tilsett som avdelingsleiar og personalsjef sidan 2007.

Roar Strømme er tilsett som spesialprest for inkluderande kyrkjeliv frå 26. juli. Han kjem frå stilling som sokneprest i Fusa. Roar har tidlegare vore residerande kapellan i Os, fungerande prost i Midhordland og sokneprest i Lærdal. Han har vore engasjert i arbeid blant utviklingshemma i mange år, m.a. som medlem og leiar av bispedømet sitt integreringsutval. Han har også vore medlem av Bjørgvin bispedømeråd i 10 år.

Eli Beate Presthus Nilsen er tilsett som vikar for arkivleiar frå 15.august. Ho er utdanna jurist, og kjem frå stilling som trusopplærar i Fana sokn.