Nytt ungdomsråd i Bjørgvin!

Det nye ungdomsrådet i Bjørgvin som vart vald på Ungdomstinget, er i full sving. Første konkrete sak er å utforma «De 10 instabud.»

– Dette er gode råd til ungdom som er på Internett og sosiale medier. Dette var tema på ungdomstinget, og tanken er å uforma gode køyrereglar med nestekjærleiken som grunnlag, seier John Bertin Bjørke Helleslien, leiar for Ungdomsrådet.

Han fortel at Ungdomsrådet skal jobba med fleire konkrete saker etter oppdrag frå Ungdomstinget.

– Vi vil blant anna oppfordra kyrkjelydar om å følgja opp foreldra til å undervisa borna sine i heimen.Vi ønskjer at familane skal få undervisning om korleis dei kan gje borna opplæring om trua. Konkret vil vi foreslå at kyrkjelydane arrangerer 1-2 kurs i året for foreldre som har fått døypt borna sine, seier John Bertin.

Ungdomsrådet vil også arbeida ein del med PR, blant anna gjennom facebookgruppa «Ungdomsrådet i Bjørgvin bispedøme» (sjå link nedst på sida).

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30