Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Oppstart for nye Bergensdalen prosti

Eit heilt nytt prosti i Bergen, Bergensdalen prosti, trer i funksjon 1. oktober. Frå same dato vil den nye prosten, Anne Mathilde Klare, starta si teneste. Innsettingsgudsteneste blir 29. oktober.

Bjørgvin bispedømeråd vedtok i møte 13. juni 2016 å opprette eit nytt prosti i Bergen. Prostiet skal liggja i «Bergensdalen» og vil dekka nokre av sokna som i dag tilhøyrer domprostiet og Fana prosti.

Følgjande sokn vil frå og med okotber 2017 inngå nye Bergensdalen prosti: Landås, Slettebakken, Storetveit, Bønes, Årstad, Fridalen, Løvstakksiden, Fyllingsdalen og Sælen.

15. juni 2017 vedtok Bjørgvin bispedømeråd å tilsetje Anne Mathilde Klare i stillinga som prost i Bergensdalen prosti. Ho kjem frå stillinga som sokneprest i Drøbak, er 56 år og kjem opprinneleg frå Bergen.

Sundag 29. oktober kl. 19 vert det innsetjingsgudsteneste for den nye prosten i Storetveit kyrkje. Storetveit sokn vert òg prostesete for Bergensdalen prosti.