Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

På tide å søkja om OVF-midlar

Fristen for å søkje om midlar frå Opplysningsvesenets fond (OVF) er 1. desember 2016. Midlane skal nyttast til kyrkjelege formål med særlig vekt på tiltak i kyrkjelydane og felles kyrkjelege tiltak. Bjørgvin bispedømeråd har gjort vedtak om ei prioriteringsliste for tildeling. Prosjekta kan vara frå eitt til tre år.

Bjørgvin bispedømeråd vil for prioriteringar av OVF midlar i 2017 gje administrasjonen fullmakt til å fordele midlar etter følgjande prioriterringsliste:
  1. Prosjekt innanfor det  kontinuerlege barne- og ungdomsarbeidet. Det har dei siste åra vore søkt på prosjekt som ligg meir naturleg å støtte innan for Trusopplæringsmidlane, enn OVF-midlane. Dette vil ein ikkje gje støtte til i 2017. Prosjekt som støttar opp om det kontinuerlege barne- og ungdomsarbeidet vil difor bli prioritert.
  2. Leiartreningsprogram. Det trengs leiarar både i det kontinuerlege barne- og ungdomsrabeidet, i konfirmantarbeidet og trusopplæringsarbeidet. Det er også slik at leiartrening har stor rekrutteringseffekt mot seinare kyrkjeleg teneste. Prosjekt som legg vekt på systematisk leiartrening, med kvalitet i innhald vil difor bli priorititert svært høgt. Det blir vektlagt tiltak som har inntil tre års horisont.
  3. Reformasjonsmarkeringa i Bjørgvin vil i 2017 bli prioritert. Dette då på kulturdelen av prioriteringane.
  4. SMM-avtale vidareførast. 
  5. Kyrkjeleg dialogarbeid
  6. Diakonale prosjekt med tanke på eit mogleg diakoniens år i 2018 
  7. Menighetsutvikling
  8. Andre tiltak
Følgjande kan søkje:

a) Lokale og regionale råd og grupper innan Den norske kyrkja.
b) Instansar innan Den norske kyrkja som omfattar heile landet eller ein større region enn eitt bispedøme.

Dei siste åra har Bispedømerådet prioritert slik at mange små prosjekt har fått omlag 15 000 - 35 000 kr. Nokre få, større prosjekt har fått meir. Sjølv om snittsummen ikkje er så stor, er det viktig med noko eigenfinansiering (som kan vere både kommunale eller private midlar/sponsorar).

Søk på nytt om de har eit pågåande prosjekt:
Nye prosjekt kan vare frå eitt til tre år. Prosjekt som alt er igong, vil prioriterast dei påfølgjande åra, men dette føreset at førebels prosjektrapport viser at prosjektet har den planlagte progresjonen. Desse må senda søknad kvart år.

Hugs fristen 1.desember 2016 - søknaden skal sendast til Bjørgvin bispedømeråd, gjerne på epost til bjoergvin.bdr@kyrkja.no

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30