Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

På tide å søkje om OVF-midlar

Fristen for å søkje om midlar frå Opplysningsvesenets fond (OVF) er 1. desember 2015. Midlane skal nyttast til kyrkjelege formål med særlig vekt på tiltak i kyrkjelydane og felles kyrkjelege tiltak. Dei skal i hovudsak nyttast innanfor Kyrkjemøtet sine satsingsområde. Prosjekta kan vara frå eitt til tre år.

Gjeldande satsingsområde i 2009 - 2016, er:

  • Diakoni
  • Kyrkjemusikk og kultur
  • Born og unge
  • Gudstenesteliv

Følgjande kan søkje:
a) Lokale og regionale råd og grupper innan Den norske kyrkja.
b) Instansar innan Den norske kyrkja som omfattar heile landet eller ein større region enn eitt bispedøme.

Det er Kyrkjerådet som tildeler midlar, men Bispedømerådet gjev først si innstilling. Bispedømerådet har høve til å prioritera dei tiltaka som er i samsvar med bispedømet sine strategiar som for tida er "Ungdom. vekst i trua" og "Gudstenesta - navet i kyrkjelyden".

Dei siste åra har Bispedømerådet prioritert slik at mange små prosjekt har fått omlag 15 000 - 35 000 kr. Nokre få, større prosjekt har fått meir. Sjølv om snittsummen ikkje er så stor, er det viktig med noko eigenfinansiering (som kan vere både kommunale eller private midlar/sponsorar).

Søk på nytt om de har eit pågåande prosjekt:
Nye prosjekt kan vare frå eitt til tre år. Prosjekt som alt er igong, vil prioriterast dei påfølgjande åra, men dette føreset at førebels prosjektrapport viser at prosjektet har den planlagte progresjonen. Desse må senda søknad kvart år.

Hugs fristen 1.desember 2015 - søknaden skal sendes til Bjørgvin bispedømeråd, gjerne på epost til bjoergvin.bdr@kyrkja.no