Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Fullt hus då biskopen og ateisten diskuterte tru og vitskap

Det var kø av folk som ikkje kom inn då biskop Halvor Nordhaug møtte professor i teoretisk astrofysikk og ateist Øystein Elgarøy til samtale om temaet "Tru og vitskap - samanheng eller samanstøyt?" Alle som ikkje var til stades, kan høyra samtalen her.

Det vart ein god samtale om vitskap og tru. Professor Øystein Elgarøy seier at han forheld seg til det vi har av kunnskap om materien. - Det som eksisterer utanfor den fysiske røynda, må visa seg i den fysiske røynda for at vi skal kunna vita noko om det, meinte han.

Biskopen var bekymra for at folk tek farvel med trua på feil grunnlag, bl.a fordi dei ikkje får alt i Bibelen til å stemma med det vitskapen har vist oss. 

Høyr heile samtalen mellom dei to og moderator Håvard Nyhus ved å klikka på link nedst på sida.