Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

På trua laus - lydopptak

Høyr lydopptak frå "På trua laus" 2. september. Neste møte i serien er 14. oktober.

– Det skjedde noko fundamentalt med menneskesynet då kristendomen kom til Noreg. Magnus Lagabøtes lov innførte omsorgsplikt og miskunn. Det sa professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde og biskop Halvor Nordhaug i ein samtale på Litteraturhuset den 2. september om "Spor av Gud i loven". Samtalen kan du no oppleva på nytt som lydopptak. Då får du også høyra litt om viktige skilnader mellom kinesisk og "vestleg" lov, der kinesisk lov er basert på plikt, medan vestleg lov er basert på rettar.

Lydopptaket er gjort av Litteraturhuset i Bergen, som også har lagt opptaket ut i sin podcast-serie.

"På trua laus" er ein møteserie der biskopen ønskjer å sleppe trua laus frå kyrkja sitt indre rom og utsetje den for spørsmål, kritikk og forsvar. I løpet av ti samtalar vil han møte tvilarar, truande, ateistar og alt i mellom. Fast moderator er Håvard Nyhus, mellom anna kommentator i Bergens Tidende og Vårt Land. Serien er støtta av Stiftelsen Fritt Ord. 

Neste møte i serien blir 14. oktober. Då kjem forfattar Hanne Ørstavik og tema er "Korleis forkynna det språklause?"

Hanne Ørstavik har vunne fleire litterære prisar og bøkene hennar er omsett til ei rekkje språk. Hun har også vore språkkonsulent på den nye Bibelomsetjinga. Forfatterskapen vert kjenneteikna av personar som har vanskeleg for å finne eit adekvat språk.