Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Velkomen til partidebatt om det grøne skiftet!

I samarbeid med Klimavalgalliansen, inviterer Bjørgvin bispedømeråd og Kirkens bymisjon til partidebatt med fokus på det grøne skiftet, fredag 1. september kl. 19-21 i Korskirken.

Målsettinga med debatten er å opplyse om det siste innan klimaforsking og klimapolitikk, stimulere til eit fortsatt fokus på klimaet ved årets Stortingsval  og gjere kyrkja synleg som støttespelar i utviklinga av ein bærekraftig klimapolitikk i dei komande åra. 

Før debatten vert det velkomst og innleiing ved biskop Halvor Nordhaug. I tillegg kjem ein kort fagleg intro frå førsteamanuensis ved Bjerknessenteret, Helga (Kikki) Flesche Kleiven.

Klimavalgalliansen meiner at Noreg treng modige politikarar som styrer mot fornybarsamfunnet. Det finst løysingar på verdas klimakrise. Vi har alle eit ansvar og ei stemme, og det er viktig kven vi vel til å styre landet. Fremtida vert vald no. Difor har vi invitert politikarane våre til debatt med fokus på det grøne skiftet 

Debattpanel:

Jeanette Syversen (Rødt)
Eigil Knudsen (Arbeiderpartiet)
Arild Hermstad (Miljøpartiet de grønne)
Jarle Skeidsvoll (Kristelig folkeparti)
Terje Breivik (Venstre)
Stig Abrahamsen (Fremskrittspartiet)
Tom-Christer Nilsen (Høyre)
Kjersti Toppe (Senterpartiet)
Marthe Hammer (Sosialistist Venstreparti)

Debattleiar: Astrid Dalehaug Norheim

Klimavalgalliansen er ein partipolitisk uavhengig allianse med over 60 organisasjoner som mobiliserer for klimaet.

Alliansen sine krav:
• Kutt norske utslepp i tråd med Paris-avtalens målsettingar og klimapanelet sine anbefalingar
• Vis solidaritet og klimarettferd
• Skap rettferdig omstilling – 100.000 nye klimajobbar no
• Brems norsk oljeutvinning
• La folket bli ein del av løysinga
• Invester i klimaløysingane

For Den norske kyrkje handlar klimaspørsmålet om å arbeide for eit bærekraftig levesett både nasjonalt og internasjonalt. Det å verne medmenneske og skaparverket er grunnleggjande for kristen tru. Klimasaka har vore høgt oppe på Den norske kyrkja sin agenda i mange år, og Den norske kyrkja var ein sentral religiøs pådrivar saman med den verdsvide kyrkja i forkant av Parismøtet om klima 2016. 

Som del av det verdsvide kristne fellesskapet vil kyrkja understreke at ansvaret for klimaet er globalt. Det betyr at vi her i Noreg både må spørje korleis vi skal gjere nytte av våre ressursar, samt vise korleis det globale ansvaret forpliktar oss til å utføre reelle utslippsreduksjonar heime. 

Vel møtt til ein viktig debatt!