Påskedag på 3x3 minutt

I samband med Folkefest i reformasjonsbyen Bergen vart det arrangert preikekappleik. Her får du sjå og høyra dei tre finalistane sine tre minutt lange preiker over teksten til første påskedag.

Det var 11 deltakarar på den uhøgtidlege preikekappleiken. I første runde var temaet "Nåde". Juryen hadde eit vanskeleg val då dei måtte velja tre av desse til å gå vidare. I finalerunden var oppgåva å halde ei preik på omlag 3 minutt over teksten til 1. påskedag, Lukas 24,1-9:

Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand. Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava. Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede.  Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? Han er ikkje her, han er stått opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea:‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’» Då kom dei i hug orda hans.  Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre.

Dei tre finalistane

Vinnar vart vikarierande ungdomsprest på Askøy, Liv Hanne Langmoen Almasou. På delt andreplass kom to veteranar: sokneprest i Arna, Jan Kåre Jakobsen og sokneprest i Årstad, Signe Sandberg. Kamera: Bård Bøe.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30