Pilegrimsvandring til Røldal

Det vert pilegimsvandring frå Åmot i Telemark til Røldal 28. juni - 3. juli, med pilegrimsseminar 4. og 5. juli. Det er mogeleg å slutte seg til gruppa undervegs eller berre gå delar av turen. Påmelding innan 1. juni.

Pilegrimar på veg mot Røldal i 2019. Foto: Margit Gjørv

KULTUR OG KYRKJE:
Det er historielaga i Vest-Telemark og einskildpersonar i Røldal som er årsaka til at vi i dag har høve til å gå pilegrimsvandringa. Det var dei som tok på seg arbeidet med å lokalisere vegen, rydde og merke han. Saman med tidlegare pilegrimsprest i Nidaros, Rolf Synnes, organiserte dei den fyrste vandringa. Dei er framleis eigarar av prosjektet.

Pilegrimsvegen representerer gamal kulturhistorie, det same gjer bygdene og landskapet han går gjennom. Mellomalderen sine pilegrimsvandringar til Røldal er ein del av den historia vegen ber på.

Historielaga er framleis engasjerte i avviklinga av den årlege vandringa. Dei stiller med kjentmenn som er førarar på alle dagsetappane. Dei kjenner både vegen og den kulturhistoria som er knytt til han. Undervegs vil dei stoppe og fortelje om det som er av interesse.

Med på vandringa vert ein kyrkjeleg person som prosten i Vest –Telemark finn fram til. Han/ho er vandringsleiar på heile turen, og vil halde små, daglege tekstmeditasjon, anten ute i friluft, eller i dei kyrkjene vi vitjar på vegen.

Ut over dette er turen slik at kvar einskild legg i han det ein ynskjer.


FRAMMØTE:
Dei siste åra har deltakinga vore låg frå Seljord, så i år vert start frå Åmot (Hyllandsfoss) søndag 30.juni kl. 09.00 . Det er då ynskjeleg at vandrerane kjem kvelden før.

Det er mogeleg å slutte seg til gruppa undervegs , eller berre gå deler av turen .

Den 1. juli startar vandringa for dei som skal gå frå Vågslid. Frammøte på Haukelifjell Skisenter i Vågslid.

Dei som startar i Vågslid den 1.juli: Vi startar vandringa kl 9.15 om morgonen. For dei som bur langt unna, vil det vere mest praktisk å kome til Vågslid kvelden før. Vi bur på Haukelifjell Skisenter i Vågslid , ca. 11 km aust for Haukeliseter.


BAGASJE:
Bagasjen blir transportert frå overnattingsstad til overnattingsstad. Deltakarane ber berre med seg ein liten dagstursekk med nistepakke og det ein treng for dagen. Det er lurt å ta med ein liten termos.


DAGSETAPPANE:
Terrenget er forskjellig frå dag til dag. Vi byrjar i låglandet, går over heiar og høgfjell til vi til sist går ned dalane til Røldal.

Vegen går utanom asfalt der dette er mogeleg, men det er ikkje alle stader at det let seg gjere. Elles går turen langs grusvegar, stigar og i utmark.

Dei tyngste dagsetappane er nok dei frå Edland til Vågslid d.v.s. over Haukeliheii (bratt stigning opp frå dalen) og frå Vågslid til Ulevå, d.v.s. over Haukelifjell (fint høgfjellsterreng, men lang dag). På denne etappa kjem pilegrimsvegen opp i 1190 m.o.h.

I Seljord, Åmot, Haukeli (Spar) og i Røldal er det minibankar.

I Vågslid/Haukelifjellområdet ( 1.juli og 2.juli) må vi transporterast med buss fram og tilbake til overnattingsstaden, Haukelifjell Skisenter, kvar dag. Dette fordi det ikkje er andre passande overnattingsstader i dei områda vi går gjennom.

Vandringa frå Vinje til Røldal går over 6 dagar.

NB! Alle treng eit fysisk fundament for å gjennomføre turen.

OVERNATTING:
Vi overnattar for det meste i campinghytter med god kvalitet . Vi fyller opp hyttene slik at prisen pr. person blir låg. Alt er tinga på førehand.

I Haukeliområdet er det problem med overnatting for så stor gruppe. Løysinga er busstransport tilbake til skisenteret i Vågslid for overnatting også dei to siste nettene. I Røldal vert det overnatting i moderne campinghytter for dei som vil vera med på pilegrimsstemnet.

Til alle: Hugs å ta med sovepose.
MAT:
Dei fleste dagane steller vi brødmaten sjølve. Vi har med oss matpakke på turen kvar dag og har middag om kvelden.

All mat er inkludert i førehandsinnbetalinga. Eit eventuelt overskot på denne kontoen vil bli bruka til vedlikehald av vegen.Nokre stader kjøper vi all mat: søndagskvelden overnattar vi på Mjonøy. Dette er ein stad som spesialiserar seg på tradisjonsmat. Vi får middag om kvelden, frukost neste dag og nistepakke med kaffe.
Elles får vi middagen ferdig og tilkøyrd.
Kjøkkenarbeidet er eit samarbeidsprosjekt!

Framme i Røldal kjem vi til kyrkja under klokkeklemt. Det blir middag på Skysstasjonen etter at vi har kome fram. Om kvelden er det konsert i kyrkja. Etter konserten blir det sosialt samvær med kaffi og lappar. Røldal sokneråd spanderer dette på vandrarane.

Overnattingar , transport og all mat på turen, både brødmat og middagar, er med i førehandsinnbetalinga.

Det er ikkje tillate med hund.

PRAKTISKE RÅD:

Hugs sovepose.

Liten dagstursekk.

Gode fjellstøvlar eller andre vasstette sko.

Det kan og vere lurt å ha med eit par joggesko.

Gode turklede. Sjølv om vi ynskjer oss sol og fint ver,

så kan det bli både vått og hustrig.

Liten termos.

Vassflaske.

Hatt mot sola.


VIKTIG: Ta med utstyr til fotpleie!

Føtene blir såre og slitne, så det er viktig å stelle godt med dei.

Dette bør du ha med av utstyr:

Sportstape

Plaster

Sårutstyr

Avlastingsmateriell som kan klippast til rundt blemmer

Compeed (for dei som har god erfaring med det)

Nylonstrømpe (sokk) under, ullsokkar over.


Vassblemmer er som regel det største problemet. Taping er derfor viktig. Pluss gode sålar i skoa.

Hugs å ta med myntar. Einskilde stader er det myntapparat til dusjane.


FORSKJELLIG:

Søndag den 28.juni tek vi ein stans på Midtbø (heimen til Haldis og Tarjei Vesaas) dersom der er ope. Kl. 16.00 same dag er det messe i Vinje kyrkje.

Vi blir ei samansett gruppe. Nokre er i god form, andre ikkje fullt så god. Det er viktig at vi prøver å halde saman under vandring slik at vi ikkje mistar kvarandre av syne og rotar oss bort.

Fint om mobiltelefonar er slått av medan vi går.

I 2007 gav vi ut boka ” Fann eg dei stigar” ei kulturhistorisk vegbok for strekninga. Alle som melder seg på og betalar, får ei bok ved oppstart av vandringa.

Pilegrimspass vil bli stempla for kvar dagsetappe.

Vi blir mange, og ein del ting må takast på sparket etter kvart, men med eit ope sinn og sporty innstilling skal vi gjere dette til ein fin tur .

Vi gjer merksam på at betalinga kan bare refunderast dersom vandringa skulle bli avlyst eller ved sjukdom.

Overnattingar, bagasjetransport og all mat på turen, både brødmat og middagar, er med i totalprisen.

Prisar på vandringspakkene:


Åmot – Røldal kr 7.500

Vågslid - Røldal kr 6.000.-


Pilegrimsvegen til Røldal har konto nr. 3530.24.50895


Ein bed om innbetaling innan 1.juni .

Ver velkomne som vandrerar, alle saman!

PROGRAM FOR PILEGRIMSVANDRINGA 2020

Laurdag 27. juni

ca.kl. 17.00 Ankomst Hyllandfoss
kl. 18.00 Middag på Vinje Kro
Haukeliekspressen frå Oslo kjem kl.17.38, frå Haugesund/Bergen kl.14.15.


Sundag 28. juni

Etappe: Åmot - Mjonøy
Lengde: 18 km. Middels hard etappe. Skiftande terreng.

kl. 08.00 Frukost
kl. 09.00 Avmarsj
Rastepause
kl. 16.00 Vinje kyrkje – gudsteneste
ca kl. 19.00 Ankomst Mjonøy
kl. 20.00 Pilegrimsmiddag


Måndag 29. juni

Etappe: Mjonøy - Haukeli
Lengde: 23 km. Lett terreng. Ein del asfalt.
kl. 08.00 Frukost
kl. 09.15 Avmarsj frå Mjonøy
ca. 14.30 Rastepause Grunge kyrkje. Omvising.
kl. 19.00 Middag

Tysdag 30. juni

Etappe: Haukeli – Vågslid
Lengde: 19 km. Relativt hard etappe. Skogs- og fjellterreng
kl. 08.00 Frukost
kl. 09.15 Avmarsj
Rastepauser
ca kl. 19.00 Middag

Onsdag 1. juli
Etappe: Vågslid - Ulevå
Lengde: ca 17 km. Middels hard etappe i fjellterreng
kl. 08.00 Frukost
kl. 09.15 Avmarsj
Rastepauser
ca kl. 19.00 Middag
Torsdag 2. juli

Etappe: Ulevå - Svandalsflona
Lengde:15 km. Relativt lett etappe i fjellterreng.
kl. 08.00 Frukost
kl. 09.15 Avmarsj
Rastepauser
ca.kl. 19.00 Middag

Fredag 3. juli
Etappe: Svandalsflona - Røldal
Lengde: 12 km. Enkel etappe i skiftande terreng.
kl. 08.00 Frukost
kl. 09.30 Avmarsj
Rastepause ved Bruhølen
ca.kl. 14.30 Framme i Røldal

Når vi kjem fram til Røldal blir det samling i kyrkja ved den daglege leiaren. Deretter middag på Skysstasjonen.

Haukeliekspressen går mot aust kl. 15.50, mot vest kl.16.20

Pilegrimsstemnet i Røldal 2020- program (med forbehold om endringar)

Fredag 3.juli

kl 09.30: Dagsetappen frå Svandalsflona startar

kl 14.30: Pilegrimar frå Seljord kjem til kyrkja

- liturgisk samling

kl 17.15: Pilegrimar frå Hovden kjem til kyrkja

- liturgisk samling

kl 18.00: Pilegrimar frå Stavanger kjem til kyrkja

- liturgisk samling

kl 19.30: Pilegrimskonsert i kyrkja

kl 21.00: Ope pilegrimssamling i Røldal på grendehuset

 

Laurdag 4.juli

kl 08.00: Laudes (liturgisk morgonsamling i kyrkja)

kl 08.45-10.00: Felles frukost på grendehuset

kl 10.00: Pilegrimsseminar

kl 13.00: Middag på grendehuset.

kl 15.00-16.00: Bønetime i kyrkja. Høve til forbøn.

kl 16.00-17.00: Bli kjent med midnattsmessa – liturgi og melodiar.

kl 17.00: Pilegrimar frå Hovden kjem til kyrkja.

kl 18.00-18.45: Kveldsmat på grendehuset.

kl 18.30-19.40: Transport frå kyrkja til Bruhølen camping.

kl 20.00: Krossvandring frå Bruhølen camping til kyrkja

kl 23.00: Pilegrimsmesse m/nattverd.

 

Søndag 5.juli

kl 08.00: Laudes (liturgisk morgonsamling i kyrkja)

kl 08.45-10.00: Felles frukost grendehuset

Avreise


Pilegrimsstemnet er ikkje med i vandringa, men for dei som ynskjer å få det med seg, vil det bli eit ekstrautlegg på kr 1.800. Det omfattar då konsert, overnatting og alle måltid.

Haukeliekspressen går mot aust kl.12.50, mot vest 16.20

Kontaktpersonen for vandringa er Margit Gjørv i Røldal som har
e-post : margjor@online.no eller mobil: 97 67 20 91.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"