Pilegrimsstemne i Røldal 3. - 5. juli

Pilegrimsstemnet i Røldal varer frå fredag kveld til søndag morgon (3.-5. juli).

Program

Fredag 3.juli


kl 19.30: Pilegrimskonsert i kyrkja
Vinjes Ferdaminne v/ Magne Skjevesland.
Bill kr 100.- v.inngang.

kl 21.00: Pilegrimssamling på Grendahuset.

Laurdag 4.juli

kl 08.00: Laudes i kyrkja.
kl 10.00: Pilegrimsseminar v/ prof.em. Notto R. Thelle
Tema: Grensebrytande vandring - eit møte med Austens pilegrimsvandring.

Kl 12.00: Bygdevandring. Frammøte ved kyrkja.
kl 15.00-16.00: Den stille timen (kyrkja).
kl 16.00-17.00: Bli kjent med midnattsmessa.
kl 20.00: Krossvandring frå Bruhølen.
kl 23.00: Pilegrimsmesse m/ nattverd.

Sundag 5.juli

kl 08.00: Laudes i kyrkja.
Kl 08.45-10.30: Felles frukost på Grendahuset.
Avreise.

Tilbod om felles måltider laurdag og sundag.

Pilegrimsstemnet er ei ope samling. Det er ikkje naudsynt med førehandspåmelding.

Overnatting syter kvar einskild for.

Krossvandringa laurdag går hovudsakleg i utmark med lett stigning i byrjinga. Sidan er det nedoverbakke. Høveleg skotøy er å tilrå. Staven er god å stø seg til

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30