Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Prestane på studietur

Prestane i Bjørgvin er i månadsskiftet august – september på studietur til Wittenberg i Tyskland.

Reisa i Luthers fotspor er siste del av eit studium om Luther og reformatorisk teologi som alle prestane har vore gjennom dette siste året. Studiet er blant anna ei førebuing til reformasjonsjubileet.
Studiereisa er også biskopen sitt årlege fellesmøte med alle prestane i Bjørgvin.

Prestane er fordelt på to reiser, slik at kyrkjelydane ikkje står utan presteteneste dei fire dagane prestane i borte.

Førelsningane dei får med seg har følgjande tema:

  • Å vere kyrkje i eit sekulært samfunn. Om situasjonen for kyrkja i DDR-delen av Tyskland.
  • Utfordringar for forkynninga og korleis kyrkja kan møta dei gjennom utdanning.
  • Luthersk kyrkjeleg identitet i ein tverrkyrkjeleg (økumenisk) kontekst.
  • Luther og Melanchton
  • Luther og Wittenberg
  • Reformasjonsjubileet 2017

I tillegg vil deltakarane bli betre kjende med historia til Luther og andre viktige personar som var knytt til reformasjonen og Wittenberg.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30