Eigen app for Reformasjonsbyen

Det er no utvikla ein eigen app med program og salmar som skal brukast under markeringa i Reformasjonsbyen Bergen.

På app-en som kan lastast ned til bruk på mobiltelefon, finn du raskt oversyn over programmet for kvar dag frå 3. - 7. mars.  I tillegg er det lagt inn nokre salmar som skal syngast på AllSalmeSang på Torgalmenningen laurdag 4. mars kl. 12.30. 

Appen har også litt informasjon på engelsk om reformasjonen og Reformasjonsbyen Bergen.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30