Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Fornying frå Luther

Nesten 100 prestar frå Hordland var tysdag 26. mai saman med alle tilsette på bispedømekontoret samla for å følgja ei førelesingsrekkje om Luther. Dette var den første samlinga i ei rekkje av fleire i eit etterutdanningsprogram for alle prestane i Bjørgvin.

– Den ytre årsaken til at me satsar på dette etterutdanningsprogrammet no, er reformasjonsjubileet i 2017.  Eg er sjølv begeistra for Luther og trur det ligg mykje fornying i å fordjupa oss i det som skjedde for 500 år sidan, seier biskop Halvor Nordhaug.

– Luther var oppteken av grunnleggjande spørsmål: Kva er eit menneske, korleis er mennesket sitt forhold til Gud, til andre menneske og til livet, kort sagt alle viktige tema i livet. Vi startar denne undervisninga i dag med å gå inn i historien og i seinare samlinger skal me sjå meir på kva relevans dette har i vår tid, seier biskopen.

Eit tilsvarande kurs blir halde for prestane i Sogn og Fjordane onsdag og torsdag denne veka, og på Stiftsmøtet for heile bispedømet i august, vil ein ta føre seg to tema: Luthersk ekteskapsforståing og trusopplæring.

 Det er Misjonshøgskulen i Stavanger som har ansvar for det faglege innhaldet på kurset, og dei har alt gjennomført eit tilsvarande kurs om «Reformatorisk teologi i ein kyrkjeleg reformalder» i Agder og Telemark bispedøme.

Margrethe ØlbergSokneprest Margrethe Ølberg i Odda synest det er fint å få ei oppfrisking av det kyrkja vår står for, sjølv om det ikkje er så mange år sidan ho høyrde om dette då ho hadde Knut Alfsvåg som lærar på MHS. – Luther var opptatt av meininga med livet og han er absolutt relevant ut over si samtid,  seier Ølberg.