Foto på retreat i Bergen

Retreat Bergen inviterer til eit litt annleis retreat på Bergen Diakonissehjem torsdag 27. august kl. 18.00. Tor Kristiansen innleier og tek utgangspunkt i nokre foto tatt i kyrkjer i Bergen. Han reflekterer over korleis motiva kan hjelpe oss i vårt forhold til Gud.

Etter eit stille måltid får deltakarane sjølv meditere over utvalde bilete. Samlinga blir avslutta med bønevandring.

Retreatet blir halde på Søsterhjemmet, Bergen Diakonissehjem, Ulriksdal 8. 

Retreat Bergen inviterer til samlingar der stille refleksjon og bøn er sentralt. Det blir også arrangert kveldsretreat på Søsterhjemmet onsdag 16. september, onsdag 14. oktober og onsdag 11. november. Alle dagar er retreata frå klokka 18 til 21.

I år blir det også arrangert retreat i adventstida. Mandag 7. desember og onsdag 9. desember inviterer ein til meditasjon og måltid på Søsterhjemmet i tidspunktet 16.30 til 20.30.

Retreat Bergen er utvikla i samarbeid mellom Stiftelsen Bergen Diakonissehjem og Bjørgvin bispedøme. 

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30