Saman som kyrkje i heile verda

Biskopen i Bjørgvin oppmodar alle kyrkjelydar til å bli med på eit krafttak for våre søsken i andre delar av verda: Gje ekstra til dykkar misjonsprosjekt eller til valfri misjonsorganisasjon i juni!

Aksjonen "Saman som kyrkje i heile verda" er ein felles solidaritetsaksjon under pandemien som vart arrangert for første gong i 2020. Målet er at kvar kyrkjelyd prøver å bidra med ekstra innsats for å hjelpa våre kristne søsken rundt om i verda. I fjor var ca 185 kyrkjelydar med på landsplan og dei samla inn rundt 2,5 mill. kroner.  Aksjonsperiode: 1. pinsedag – St. Hans i år. 

Vi i Noreg er prega av viruset, men i mange andre land har viruset fått mykje større innverknad. Aksjonen tar utgangspunkt i misjonsavtalane (SMM) som kyrkjelydane har. Oppdraget er å samle inn like mykje eller helst litt meir enn det ein vanlegvis gjer. Og at ein minner kyrkjelyden om at vi står saman med dei som lid og har det vanskeleg i andre land.

Våre søsterkyrkjer lid. Vi kan ikkje sitje og sjå på at dette skjer utan å gjere noko. 

Kyrkelydane kan anten gje direkte til aksjonen ved å bidra til ein eller fleire av SMM-organisasjonane, eller ved å gje eit ekstraordinært bidrag til kyrkjelyden sin misjons-avtale. 

Saman som kyrkje – saman som organisasjonar
I denne solidaritetsaksjonen arbeidar vi saman med dei andre bispedøma i Noreg og SMM (Samarbeid Menighet og Misjon). SMM er eit samarbeid mellom Den norske kyrkje og desse organisasjonane: Det Norske Misjonsselskap, Misjonsalliansen, Normisjon, Den Norske Israelsmisjon, HimalPartner, Areopagos og Stefanusalliansen. Organisasjonane er til stades i nokre av dei landa som er hardast råka av pandemien. Gjennom sitt nettverk har dei heilt andre føresetnader enn oss i Noreg til å møte nauda i form av eit viktig diakonalt hjelpearbeid. På denne måten er vi med å gjere ein skilnad i over 40 land.

Kva må kyrkjelyden gjere for å ta del i aksjonen?
Kyrkjelyden må gjere to ting for å bli med:

  1. Registrer kyrkjelyden her (det er ei enkel registrering)
  2. Bidra. Her er tre døme på korleis bidra:
    a) gjennom kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt – ekstra bidrag
    b) ekstra offer/kollekt til valfri SMM-organisasjon.
    c) andre tiltak: misjonsløp, basar, utsal mm til inntekt for valfri SMM-organisasjon.

Bruk kontonummer eller VIPPS-nummer til organisasjonane for å overføre gåvene. Husk merke innbetalinga: «Saman som kyrkje i heile verda - Bjørgvin».

Her er oversikt over organisasjonar med respektive kontonummer og VIPPS-nummer:

Organisasjon Bankkontonr. Vipps-nr. Heimeside
NMS
8220 02 85057 10932 www.nms.no
Misjonsalliansen
3000 16 00040 10590 www.misjonsalliansen.no
Normisjon
1503 02 13537 598406 www.normisjon.no
HimalPartner
3000 15 47107 15521 www.himalpartner.no
Stefanusalliansen
3000 14 57922 19013 www.stefanus.no
Israelsmisjonen
3000 15 24425 19333 www.israelsmisjonen.no
Areopagos
9053 05 22325 www.areopagos.no

Andre ressursar
Sjå elles her for oppdatert informasjon om aksjonen:

Felles aksjonside
Facebook

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"