Religiøse leiarar saman mot ekstremisme

Under eit miniseminar på Hotell Norge i Bergen om situasjonen i Midtausten sist veke, kom det klart fram at muslimar, kristne og representantar for andre trussamfunn i Bergen tek avstand frå ekstremisme.

- Vald og maktovergrep som vi har sett i Irak og Syria i det siste er i røynda ei djup krenking av Gud og ei djup krenking av menneskeslekta. Det er ingenting mindre enn respekten for verdien til mennesket og respekten for religionsfridomen som står på spel, sa fungerande biskop Jan Otto Myrseth på seminaret. 

Han understrekar at Den norske kyrkja og Norges kristne råd fordømmer IS sine handlingar og mål på det sterkaste og er djupt uroa for framtida til muslimske, kristne, yezidiske og andre systrer og brør i Syria og Irak.

- Som kristne står vi saman med dei som no blir ramma av denne grufulle og barbariske krigføringa. Vi seier NEI til ekstremisme og JA til mennesket sitt verd og fridomen til å kunne tenkje og tru som ein sjølv vil, sa Myrseth. 

Det var Det Felles Innvandrerråd i Hordaland (DFIRH) som arrangerte miniseminaret der tanken var å vise at ein tek avstand frå den brutale valden i konfliktane som i dag utspeler seg i store delar av Midtausten.
Professor Knut Vikør frå UIB hadde hovudinnlegget og det var òg innlegg frå representantar frå moskéar i Bergen.
- Vi må hugse at vi kan ikkje bombe vekk den mentaliteten IS står for, eller bombe folk til å meine noko anna. Til det trengst eit langt breiare politisk og humanitært perspektiv for å skape tryggleik i regionen. Parallelt med den militære innsatsen må FN og andre sentrale aktørar utvikle ein heilskapleg strategi som gir varig stabilitet. Vi må unngå ein situasjon der ein enda ein gong går inn med kraftige midlar for å løyse noko akutt, berre for å oppleve at det blir kaos etterpå, sa Jan Otto Myrseth.

av Tor Kristiansen, Bergen kirkelige fellesråd

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30