Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Sokneprest med bok om hundre sokneborn

Sokneprest Egon Askvik i Leikanger har intervjua og fotografert over hundre av sokneborna sine. Resultatet er samla i ei ny bok.

 Eg ville skriva boka "Kyrkjefolk" fordi eg meiner "folk flest" har mykje å tilføra kyrkjefellesskapen av tankar og meiningar. Vanlege kyrkjefolk har blitt utfordra til å finna ord for si tru og sine haldningar, seier Askvik som har portrettert eit medlem frå kvart alderssteg frå 1-101 år.

Han fortel at idéen til boka delvis kom etter at han hadde bladd i gatemagasinet = Oslo som har portrett frå gatemiljøet i Oslo.  Eg tenkte: Kvifor ikkje presentere min eigen kyrkjelyd på denne måten? Dei har også sine historiar, seier soknepresten.