Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Der det er farleg å skifte tru

Den 13. november 2016 (eller den dagen det passar) blir «Søndag for dei forfølgde» markert i kyrkjer over heile verda. Denne dagen står vi saman om å vise solidaritet med alle kristne som blir undertrykte eller forfølgde. «Der det er farleg å skifte tru» er temaet for 2016, med spesielt fokus på Iran og Saudi-Arabia.

Søndag for dei forfølgde er ei tverrkyrkjeleg og internasjonal markering, så her kan vi stå saman med mange andre om å stå saman med dei forfølgde.

Sjå lenke nedst på sida til Stefanusalliansen sine sider der det er ressursmateriell til bruk i kyrkjelyden, både gudstenesteforslag og materiell til barnegrupper m.m. Det er også mogeleg å inngå ein misjonsavtale med Stefanusalliansen. Ta kontakt med oss om du har spørsmål om dette.

Organisasjonen "Åpne dører" markerer også søndag for dei forfølgde. Dei tilbyr ressursmateriell til bl.a. Bibelgrupper. Sjå lenke nedst på sida.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30