Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Velkomen til Stiftsdagar 6. -7. juni 2017

Bjørgvin bispedømeråd og Bjørgvin biskop ønskjer velkomen til stiftsdagar 2017 i Bergen. Saman med kyrkjeverjelaget inviterer vi i år alle kyrkjeleg tilsette til eit godt og inspirerande program 6. - 7. juni på Quality Hotel Edvard Grieg på Sandsli. Det er over 500 påmelde så langt.

Med stiftsdagane 2017 ønskjer vi å legge til rette for at heile staben kan få ei god og oppløftande oppleving. Dersom fleire dreg saman, trur vi ein kan dra større nytte av utbyttet heime også. Programmet vil vere variert, med god tid til samtalar og pausar.

Orda saman, vi og nær har vore viktige ord for programkomiteen. Vi har lagt bak oss eit skilje mellom stat og kyrkje, men vi vil framleis vere ei kyrkje nær folk. I Grunnlova står det at Den norske kirke skal forbli Norges folkekirke. Temaet for stiftsdagane 2017 er difor: Saman - ei kyrkje nær folket.

Prester tilsett i Bjørgvin bispedøme melder seg på stiftsdagane via prosten. Tilsette i fellesråda melder seg på via fellsrådet/kyrkjeverja eller administrasjonen i kyrkjelyden (for tilsette i Bergen).

For meir informasjon om program, påmelding, overnatting og pris - sjå brosjyre (lenke nedst på sida). Meir detaljar om programmet kjem snarast.

Sjåast på stiftsdagane i juni 2017!