Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Stiftsmøtet 2015

Velkommen til Stiftsmøte Ulvik 25. - 27. august med spesielt fokus på «Luthersk ekteskaps - og kjønnsforståing mellom det 16. og 21. århundre» og temaet «Frå dåp til vekst i trua si verd». Møtet er obligatorisk for prestar i Bjørgvin, påmeldingsfrist er 23. juni.

For prestar tilsett i Bjørgvin bispedøme av Bjørgvin bispedømeråd er stiftsmøtet gratis. Frammøte for registrering 10.30 tysdag 25. august. Stiftsmøtet vert avslutta torsdag morgon 27. august. Programmet er obligatorisk vidareutdanning for prestane.

Sjølv om undervisninga på stiftsmøtet i år er ein del av alle prestane si obligatoriske oppdatering på vår reformatoriske arv, er andre tenestegrupper hjarteleg velkomne. Onsdag 26. august blir i tillegg trusopplæringsmedarbeidarar spesielt inviterte. Det er eiga påmelding for dei som berre skal vera med på onsdagen (utan overnatting).

Fagforeiningsmøte for Presteforeininga og TeoLOgene vert Torsdag 27. august frå kl. 9:00 til og med lunsj som startar kl. 13:00

Påmeldingane skjer i år via "Checkin". Dette krev at ein registrerer seg som brukar på denne nettstaden og at ein betaler over nettet. Sjå lenke til påmeldingane nede på sida. Merk at utvida påmeldingsfrist er 23. juni.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30