Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

To nominerte frå Bjørgvin til trusopplæringsprisen

På Trusopplæringskonferansen 5. november vil Trusopplæringsprisen bli delt ut. To av dei tre nominterte, er frå Bjørgvin.

Det er Kompis frå Samnanger og TGIF frå Åsane prosti som er nomintert frå Bjørgvin. I tillegg er klimakonfirmant frå Helgeland blant dei tre utvalde.

Det er IKO, KA og Kyrkjerådet som står bak prisen. Den har blitt delt ut sidan 2001, og framhever aktivitetar og prosjekt som på ein særleg måte fremjer trusopplæring.

 

KOMPIS i Haga kyrkje i Samnanger

Kvar onsdag etter skuleslutt samlast born frå 5-7. klasse på ”Kompisklubben” i Haga kyrkje. På KOMPIS får borna eit varmt måltid, leksehjelp og tid til leik og moro. Gjennom den faste programposten ”Online” får dei systematisk bibelundervisning med vekt på bibelske personar og tekstar som handlar om vennskap og rettferd. Borna får høve til å vere med på bønevandring i kyrkjerommet. Ein opplever at mange tidlegare KOMPISar deltek i konfirmasjonsundervisninga med positive forventingar.

TGIF Åsaneprosti i Bergen

TGIF - Thank God it`s Friday - er eit tilbod til alle ungdommar mellom 15 og 20 år i Åsane prosti i Bergen. Ein fredag kveld i månaden samlast 30-70 ungdommar til Friday food (taco), Friday Chil (sitte og prate), Friday Quiz og Friday Gospel (f.eks konsert eller lovsangsgudsteneste). Alle dei sju sokna i prostiet samarbeider og arrangementet går på omgang. 

Menighetene opplever å kunne gi eit betre tilbod og nå fleire ungdommar gjennom samarbeidet om TGIF.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30