Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Trusopplæringsprisen til Os kyrkjelyd

Vi gratulerer Os kyrkjelyd med Trusopplæringsprisen - for deira prosjekt Skapingsdagane.

Juryen si grunngjeving for å gje prisen til Skapingsdagane i Os:
Vinnaren av årets pris har ein gjennomgåande tematikk som vert knytta til fellesskap og skaparglede. Det går ein raud tråd frå grunnleggjande tenking til innhaldet i andakter, planar og arbeidsformer. Alle leiarane, også dei eksterne kunstnarane, er med fra planlegging til gjennomføring. Borna blir invitert til å bruke skaparevner med og for kvarandre. Å «skape», å «vere» og «gjere saman» står sentralt. At borna er medskapande er ein styrke ved prosjektet. Å realisere barn si medvirking i trusopplæringa på denne måten, meiner juryen er eit førebilete.

Prosjektet er forankra i dei lokale planane og vert fulgt opp av tiltaksfaddarar. Den lokale planen uttrykkjer eit ønske om å få det rike kulturlivet inn i kyrkja. Prosjektet bidreg til å realisere dette ønsket. 
Juryen trur at samarbeidet med lokale ressurspersonar og ideen om å ha ein sommarskule i kyrkja, kan være til inspirasjon for mange.

Ein av kunstnarane skriv mellom anna: «Denne prosjektgruppa … har med sin jobb med ungane skapt ei stemning og eit engasjement blant born og vaksne som eg ikkje har sett liknande til på fleire år. Eg … kjenner meg privilegert over å ha fått delta og vere ein del av denne kultureksplosjonen»

Vi gratulerer Os kyrkjelyd med prisen!

                                                                                             Tekst og bilete hena frå www.kyrkja.no