Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Kyrkjefolk frå Bjørgvin reiser til Hong Kong og Kina i lag - invitasjon til deg om å bli med.

Våren 2016 arrangerer SMM misjonsturtur til Kina, vi vil gjerne at du melder deg på!

Kjære kyrkje- og misjonsinteresserte medarbeidar i Bjørgvin bispedøme!

Våren 2016 vil SMM Bjørgvin invitere deg med på det som kan bli ei av dine største opplevingar i livet. Vi arrangerer tur til Kina. Vi vil gjerne at du melder deg på! SMM er ei forkorting for "Samarbeid Menighet og Misjon" - eit formelt samarbeid mellom Den norske kyrkja og desse syv misjonsorganisasjonane: 

Areopagos • Den Norske Israelsmisjon • Det Norske Misjonsselskap • HimalPartner  • Misjonsalliansen • Normisjon • Stefanusalliansen

Kvart år arrangerer SMM i Bjørgvin ein tur som ein av desse organisasjonane har ansvar for. I 2016 er ansvaret for turen lagd til den minste (og kanskje minst kjende) organisasjonen Areopagos.  

Turen i 2016 går til Hong Kong og Kina i dagane 7. til 18.april. Frå Bjørgvin deltek prost Øystein Skauge som leiar på turen. Han kjenner Kina og Hong Kong godt etter fleire turar hit. Vi skal heile tida besøkje stader der norsk misjon har sett spor etter seg i Kina og Hong Kong. Det vert også mykje tid til å vere turist. Fortel det gjerne vidare til andre du trur kan ha interesse av å vere med.

Sjå brosjyre med nærare opplysningar om pris og innhald på turen.

Merk deg at det er kort påmeldingsfrist. 28.september er sett som frist for at vi skal kunne handtere flybillettane på ein god måte. I første omgang har vi reservert 20 plassar på denne turen, så det er lurt å vere snar ute med å vise interesse. Det gjer du ved å sende epost eller ved å ringje til Bjørgvin bispedøme sin rådgjevar ​for ​diakoni og misjo​n, Vetle KA