Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Støtte til TV-aksjonen

TV-aksjonen den 18. oktober går i år til Regnskogfondet. Biskopen oppmodar kyrkjelydane til å støtta aksjonen.

Målet med aksjonen er å bidra til å bevare nokre av dei største, samanhengande regnskogsområda i verda. Desse ligg i Peru, Brasil, DR Kongo og på øya Ny-Guinea. Desse områda er større enn Noreg og Danmark til saman.

Kvifor er dette viktig? Det er viktig fordi årets aksjon både vil hjelpe nokre av dei mest sårbare menneska i verda, men også fordi dei same menneska vil hjelpe oss med å løyse to av dei mest akutte miljøproblemer i verda: Trugsmålet mot eit forsvarleg klima og naturmangfaldet.

Årets TV-aksjon handlar både om urfolk sine rettar og vårt felles klima. Som kyrkje har vi eit kall frå Gud til å kjempe for rettferd og verne om skaparverket. Difor vedkjem årets TV-aksjon oss som kyrkje. 

Biskopen har i eit brev til kyrkjelydane gjeve si tilråding til kyrkjelydane og medlemene i Den norske kyrkja til å: 

• bere bøsser den 18. oktober
• løfte fram temaet i gudstenester og arrangement.
• gje offer og på andre måtar gje aksjonen merksemd og støtte

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30