Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Fokus på ungdom i mars

Det blir fest for unge i Reformasjonsbyen Bergen 3. - 5. mars, ungdomsting 17. - 19. mars og fagkonferanse for ungdomsarbeid på NLA 23. - 24. mars.

Under Lutherfestdagane 3. - 5. mars blir det mange aktivitetar for ungdom. Ungdom frå heile Bjørgvin bispedøme er velkomne, i tillegg til ein internasjonal ungdomskonferanse med deltakarar frå blant anna England og Finland. 

På programmet 3. - 5. mars

TGIF - Thank God It’s Friday, 3. mars kl. 20.30 i St. Jakob kirke 

Jubileumsforestilling. 4. mars kl. 20 i Johanneskirken.

Jesus Loves Electro. 4. mars kl. 22. i St. Jakob kirke.

Ung Messe. 5. mars kl. 11. i Korskirken.

Heile helga besøk av Ten Sing-medlemer frå heile Bjørgvin

Les meir om Ung Lutherfest


Ungdomstinget 2017, 17. - 19. mars

I reformasjonsåret 2017 er tema for Ungdomstinget Luther og reformasjonen. I tillegg vil det bli fokus på nokon særlege utfordringar med det å vere ungdomsleiar i kyrkja.

Alle sokn kan senda 2 delegatar, valde av soknerådet. Delegatane må vera mellom 15 og 30 år. For store sokn med meir enn 10 000 medlemer, kan ein sende ein ekstra delegat pr 5000 medlemer. Ungdomstinget er ei inspirasjonshelg for læring og demokratitrening, og tinget vel eit ungdomsråd som arbeider med saker mellom ungdomstinga. Dei er og eit rådgjevande organ for bispedømerådet. 

Les meir om Ungdomstinget

Fagkonferanse om kristent ungdomsarbeid

Den 23. - 24. mars er det tid for fagkonferansen om kristent ungdomsarbeid, "Mellom kall og kvile". Dette er ein viktig møtestad for alle som er opptatt av kyrkja sitt møte med, og satsing, på ungdom. Det blir spennande føredrag og seminar. Ungdom i dag blir ofte omtalte som skikkelege, flinke og stressa. Dei opplever mange krav om å lukkast og "likes". Dramatisk auke i bruk av antidepressiva, særleg til unge jenter, gjer at det er aktuelt å sejte fokus på korleis det er å vere ung i dag. Korleis er balansen mellom kall og kvile?

Les meir om konferansen "Mellom kall og kvile"

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30