På kyrkjemøte for ungdom

Ungdommens kyrkjemøte er samla i Stavern 26. - 30. september. Der er også Bjørgvin bispedøme representert med ein utsending.

Sunniva Hadland Bøthun

Sunniva Hadland Bøthun er Bjørgvin bispedøme sin delegat på Ungdomens kyrkjemøte (UKM). Dei rundt 40 delegatene frå heile landet har behandla saker som "Eit verdig liv", "Vårt daglege brød", "Innspel til evaluering av gudstenestereformen", "Kyrkjeval 2015". Delegatane blei fordelte i komitear som arbeidde med desse sakene. Sakene blei så lagt fram i plenum og røysta over. Sunniva hamna  i komiteen til sak 06/17 "Vårt daglege brød " Her blei det drøfta "aktuelle problemstillinger knyttet til mat og matproduksjon, i en verden med urettferdig fordeling og store klimaproblemer" ( frå sakspapira).

- Det å jobbe med så viktige saker saman med andre ungdomar, har vore inspirerande, men også krevande, seier ho. Den engasjert 17-åringen frå Os er no klar for å jobbe vidare med vedtaka frå UKM, saman med dei andre i Ungdomsrådet i Bjørgvin bispedøme.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30