Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Vellukka kommunikasjonskonferanse

Omlag 80 deltakarar var samla til konferanse i Bergen 1. og 2. oktober med tema "Korleis gjere kyrkja meir synleg?"

Evalueringa viser at deltakarane synest det var ein nyttig konferanse.

"Oppdaget på en veldig konkret måte våre mangelfulle kommunikasjonsplaner ved grupparbeid".

"Nyttig og interessant!"

"Stor takk for at dere arrangerte dette kurset!!! Blir bevisst på hvor viktig kommunikasjon er."

"Har fått mange nyttige, konkrete redksap jeg kan ta med meg og bruke sammen med resten av staben og menigheten! Takk for et inspirerende, lærerikt og nyttig kurs!"

"Fantastisk servering, følte oss verkeleg verdsette."

"Veldig aktuelt, treng dette!"

Kurshaldarar var Oddbjørg Aasen Bjørdal, med erfaring frå NRK, Møre og Romsdal fylkeskommune og undervisning som høgskulelektor i journalistikk, og Ann Helen Frivold som er marknadsførar og bl. a. har vore initiativtakar og prosjektleiar for Tårnagentene .

Gjesteforelesar Magne Supphellen, professor i marknadsføring, NHH, Norges Handelshøyskole og Hauge School of Management, NLA, var populær gjesteforelesar første kursdagen. Han snakka om korleis marknadsføre kyrkja generelt og trusopplæring spesielt, og la vekt på at diakonien er viktig bidragsytar for at kyrkja gjev tillit.

Oddbjørg Aasen Bjørdal gav råd til korleis kyrkja kan koma på talefot med media, korleis formulera seg og korleis handtera kriser.

Ann Helen Frivold gav råd om korleis kyrkja kan organisera marknadsføringsarbeidet av sine aktivitetar, særleg med vekt på trusopplæringa.

Praktiske øvingar gav deltakarane øving i å skriva pressemeldingar og å laga kommunikasjonsplanar.

Bispedømekontoret sine medarbeidarar Elizabeth Bovoli og Jens Meyer heldt seminar om utforming og skriving av brosjyrer og nettsider.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30