Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Møte om kyrkjeordning - video

Bjørgvin kyrkjeverjelag/Nettverk for kyrkjelege fellesråd og Bjørgvin bispedøme arrangerte saman eit temmøte i samband med høyring om ny kyrkjeordning for Den norske kyrkja. Her kan du få med deg samlinga på video.

Kyrkjerådet har sendt ut ei høyring om ny kyrkjeordning med høyringsfrist 15. desember. På temamøtet vart høyringa presentert av avd.dir. Ole Inge Bekkelund frå Kyrkjerådet, etter ei kort innleiing av biskop Halvor Nordhaug.

Avdelingsdirektør i KA, Øystein Dahle, gav respons på bakgrunn av KA si høyringsfråsegn.

Lars Kristian Stendahl Gjervik delte sine kommentarar som leiar for Bergen kirkelige fellesråd og Nettverk for kyrkjelege fellesråd i Bjørgvin.

 

Siste del av møtet hadde både kommentarar, spørsmål og svar frå Rune Berge, Årstad menighetsråd biskop Halvor Nordhaug Steinar Dvergsdal, Jølster kyrkjelege fellesråd Trude Brosvik, kyrkjeverje i Gulen Kristian Skjeldal, jurist i Kyrkjerådet Øystein Dahle, avd. direktør i KA.

 

Bakgrunn

Kulturdepartementet sende hausten 2017 ut eit forslag til trussamfunnslov for alle trus- og livssynssamfunn i Noreg. Det er venta at denne lova skal behandlast i Stortinget våren 2019. Med forslaget om ny trussamfunnslov følger også at kyrkjelova skal opphevast. I dag regulerer kyrkjelova dei viktigaste ansvarstilhøva innan Den norske kyrkja.

Kyrkjerådet har sendt ut eit forslag til reglar som skal erstatte kyrkjelova når denne blir oppheva. Det er ikkje meininga at desse reglane skal medføre endringar i dagens ordningar. Framlegget til trussamfunnslov førest at kyrkja sjølv gjev nærare reglar i ei kyrkjeordning som vert fastsett av Kyrkjemøtet.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30